Sel bustader på kaikanten

Her kjem nye bustader i varierande storleik - midt i Florø sentrum.

Her kjem nye bustader i varierande storleik - midt i Florø sentrum. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Greier området å leve opp til kallenamnet "Quality Street" i positiv forstand?

DEL

Byporten er namnet på eit nytt bustadprosjekt praktisk talt på kaikanten midt i Florø sentrum. Det er eigedomsselskapet Fjordland som skal bygge ut eigedommen og selje i alt 23 husvære av varierande storleik. Bak Fjordland står Førde-selskapet Åsen og Øvrelid, samt eigedomsselskapet til Bjørn og Atle Hollevik i Florø.

– Målet for oss er ikkje å sitje på mest mogleg eigedom, men å utvikle gode konsept som vi kan bygge ut og selje, seier Bjørn Hollevik, som trur prosjektet kan vere innflyttingsklart til jul i 2014.

Stor rift

– Marknaden er gunstig, for der er for tida stor rift etter husvære i Florø sentrum, og ein eigedom som dette, med 23 husvære plassert heilt på kaikanten, bør vere attraktiv, seier Hollevik.

Det var Atle og Bjørn Hollevik som først eigde eigedommen, og seinare kom Åsen og?Øvrelid inn då selskapet Fjordland vart etablert. Åsen og?Øvrelid eig i dag halvparten av aksjane i Fjordland, medan brørne Bjørn og Atle Hollevik og Safari?Engros eig den andre halvparten.

På eigedommen står i dag et gammalt forfallent murhus, Skaflestadhuset, bygd i 1936, og som har stått tomt i mange år. Det skal rivast. På tomta, som ligg like ved Amfisenteret, stod også eit gammalt slakteribygg, som stod tomt lenge etter ein brann så langt tilbake om i 1973, men som først vart rive i fjor.

No skal det byggjast nytt på staden, som er blitt sett på som ein av dei mest attraktive tomtene i Florø, trass i at heile kvartalet og bygningsmassen har vore sterkt prega av langvarig forfall. Det har gitt området kallenamnet «Quality Street» på folkemunne. No håper utbyggarane at det er eit namn som området etter kvart kan leve opp til.

Uviss pris

Prosjektet Byporten vil bestå av 23 husvære, som i storleik vil variere frå 40 til 130 kvadratmeter. Kva prisane på husværa vil bli på, er førebels ikkje fastsett.

– Vi ser ein klar tendens i Florø til at godt vaksne og eldre menneske, gjerne med ein einebustad å selje, ønskjer sentrumsnære husvære, og aller helst med utsikt mot sjøen, seier eigedomsmeklar Tordis Russøy, som dermed også peikar på ei målgruppe i marknaden. Meklaren ser på dette prosjektet som svært lovande, og Russøy reknar ikkje med at det vil bli vanskeleg å få omsetnad på husværa, som blir liggjande heilt på kaikanten, med Amfisenteret som næraste nabo.

Artikkeltags