Det siste året har Kontorsenteret AS i Førde selt fleire enn 100 overvakingskamera til privatpersonar. Sal av overvakingsutstyr til bedrifter har elles lege jamt dei siste åra, fortel eigar Norleif Bruland.

- Går vi fem år tilbake i tid, gjekk sal av overvakningsutstyr berre til bedrifter, og ikkje til privatpersonar, seier Bruland.

Kjøper tryggleik

Den største gruppa som skaffar seg overvakingskamera er godt vaksne, som nærmar seg eller er i pensjonsalder. Desse har ofte sanka verdiar gjennom eit langt liv, har gjerne hus, hytte og reiser til Syden nokre månader i løpet av året, forklarar Bruland.

- Folk fortel gjerne kvifor dei ønskjer å nytte seg av denne typen tryggingstiltak når dei kjem for å kjøpe. Eg hadde ein kunde som mistenkte naboen for å tømme kjemikaliar i brønn for drikkevatn, og ville ha opp kamera for å sjå. Elles sel vi mest til folk som ikkje bur heime heile året, seier Bruland.

Gir deg full oversikt

Kamera monterast heime, kan fjernstyrast frå pc og nokre har 360 graders vinkel. Kamera tek bilde og varslar pc-en eller med ei tekstmelding til mobil, om den oppfattar bevegelse. Då er det berre å logge inn på pc-en for å sjå kva som er på ferde.

- Kamera vi sel mest av kostar kring 1500 kroner. Auke i salet til privatpersonar heng nok saman med at prisen har vorte rimelegare, mens kvaliteten på kamera betre. Kamera gjer moglegheit til å sjekke at alt ser greit ut heime. Eg skjønar dei godt. Både skilting og overvakingskamera er preventivt for innbrot, seier Bruland.

Grove tjuveri uvanleg

Politiinspektør og leiar for påtaleeininga i Sogn og Fjordane politidistrikt, Knut Broberg, understrekar at statistikken på grove tjuveri har gått ned dei siste åra.

- Sjølv om det har vore ein del tjuveri av motorar på småbåthamnar i sommar, er innbrot i bustader i Sogn og Fjordane eit lite problem. Dei siste ti til femten åra, har det vore så få tilfelle av innbrot i private bustader, at den type sikring som videoovervaking ikkje er nødvendig, seier Broberg.

Sogn og Fjordane politidistrikt har fått inn ei og anna melding om ulovleg kameraovervaking av privatpersonar. Desse sakene omhandla såkalla dummykamera, som er juksekamera, og har ikkje ført til straffereaksjonar.

Overvaking er å gå for langt

25 bustadinnbrot i Sogn og Fjordane er så langt i år meldt inn til Gjensidige. Tjuven kjem då som oftast inn inngangsdøra.

Informasjonsansvarleg i Gjensidige, Arne Voll, fortel at innanfor næringsliv har det vore ein del som installerer videoovervaking og tryggingsalarm, til dømes etter raida som har vore i Sogn og Fjordane den siste tida. Voll er av formeininga at å installere videoovervaking privat, er litt langt å gå.

- Rådet vårt er for folk å ta i bruk tryggingsalarm, alarmskilt og billige tryggingstiltak som å alliere seg med naboar, sjølv om dette ikkje er noko garanti mot innbrot, seier Voll.