For Bjørg Njøsen har oppussinga av eit 50-talshus ved Innvikfjorden resultert i ein av fylkets mest populære interiørbloggar, «Huset ved Fjorden».
For sidan oppstarten har ho hatt 350.000 unike besøk, og over 1000 følger bloggen. Og følgarmassen er ikkje berre interiørinteresserte nordmenn, for huset i Utvik har med bloggen fått eit vindauge til heile verda.
Mange lesarar frå utlandet
- I starten kunne eg juble for ti treff på ei veke, no har eg 700-800 lesarar dagleg, seier Bjørg, om lesartala ho har litt vanskeleg for å fatte sjølv.
Frå sitt 50-talshus i Utvik i Nordfjord driv Bjørg Njøsen (34) interiørbloggen «Huset ved Fjorden».
Heilt sidan ho og sambuaren Remi flytta tilbake til heimbygda hennar, Utvik, for fire år sidan, har ho blogga om arbeidet med huset. Og då om både stort og smått.
Sjå biletserie: Slik pussar dei opp 50-talshuset
- Ein god del av lesarane mine er frå utlandet. Det å få tilbakemeldingar frå land som Saudi-Arabia og Brasil er veldig spesielt, smiler Bjørg.
Nytt liv med nytt strøk måling
Lesarmassen har festa seg ved kreativitet hennar med å skape nytt av gammalt. Store delar av inventaret i 50-talshuset er nemleg gitt nytt liv med eit nytt strøk måling, gjerne i friske fargar.
Sjølv vil Bjørg beskrive stilen sin som ein «landleg stil med innslag av retro og pastell». Gjerne med eit innslag av svart for å sprite litt opp.
Store delar av inventaret har ho stått for sjølv, eller redesigna. For ein loppemarknad, eller til og med ein skrotfylling kan for Bjørg vere full av skattar med mykje potensial.
- Mi største gullgruve har vore loftet til pappa. Det er elles snart tømt, smiler 34-åringen.
Dyr design bryr Utvik-bloggaren seg mindre om, noko ho trur er grunnen til at bloggen hennar har blitt så populær. Den viser korleis gammalt kan bli friskt og nytt med enkle grep som folk kan gjere sjølv.
Trur det blir blogg i mange år
Nye prosjekt, store som små finn ho heile tida. Og alle finn dei vegen til bloggen.
Så lenge interiørinteressa held seg ved like, trur ho at det blir blogg i mange år framover. For 34-åringen svarar kjapt på om ho nokon gong trur ho vil bli heilt hundre prosent nøgd, og kan roe ned oppussinga.
- Aldri. Ikkje så lenge interiørinteressa er så stor, seier Bjørg.
Ho legg til at draumen er ein gong å kunne gå frå rom til rom og vere nøgd med alt.
- Når eg har fortalt det før, har venene mine berre ledd av meg og sagt: «Då kjem du berre til å gjere alt om att, Bjørg», seier ho.