Gå til sidens hovedinnhold

Kjøpte dette for 1 krone

Artikkelen er over 8 år gammel

No flytter paret frå Lofoten til Luster for å bringe bygget tilbake til si prakt - med heilt nytt tilbod.

I vår vart sanatoriet på Harastølen i Luster lagt ut for sal på Finn.no med ein prislapp på ei krone..

Dette vekka interessa blant eit ektepar busett 150 mil unna.

Det var seint på kveld då Barbro Solem synte mann sin Morten Solem annonsen. Han har for vane å interessere seg for prosjekt andre tenker er heilt umoglege.

– Det er slike ting eg fell for. Så eg såg på den og tenkte: Det kjøper vi, fortel Morten Solem (38), og legg til at kona kanskje angra litt der og då på at ho hadde vist han annonsen.

Ingen relasjon

Ingen av dei hadde noko form for relasjon til staden. Men etter kvart som paret sette seg inn i historia til Harastølen som opna i 1902 og har vore nytta som tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og asylmottak, vart begge bestemte på at dette var noko dei ville gjere alvor ut av.

– Det verka som det var meininga at vi skulle oppdage det, seier Morten.

Sterk drivkraft

At drivkrafta bak prosjektet er sterk er tydeleg. Paret flyttar no frå Lofoten til Luster for å setje i stand Harastølen til slik den var for 110 år sidan.

– Den drivande faktoren er historia til sanatoriet. Det var den som gjorde oss interesserte i prosjektet. Vi synest det var tragisk at norsk historie skulle forsvinne for oss. Det er ein viktig del av norsk historie, som vi ønskjer å bevare, seier han.

Tankane er at bygget skal renoverast – ikkje endrast. Folk som kjem på besøk skal få ein kjensle av at ein er attende i 1903.

– Bygget skal ikkje tilpassast meir enn at det oppfyller moderne krav til tryggleik. Det skal ikkje vere glatt betong – det er det for mykje av i samfunnet frå før, seier han bestemt.

Helsesportsenter

Bruken av stølen skal likevel bli ein heilt ny. Ideen med Harastølen er å starte eit helsesportsenter for alle aldrar, men med hovudvekt på habilitering og rehabilitering av barn og unge med ulike diagnosar, syndrom og funksjonshemmingar.

– Vi tenker oss mellom anna å bruke naturen til fjellturar og dyrestell. At barn og unge som kjem hit skal få ta del i det daglege liv på ein litt annan måte. Det er fort gjort at born med diagnosar vert sett til side i samfunnet og at ein ikkje tar i var deira behov og ønskjer. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Morten.

Ideen kjem frå kona Barbro som har utdanning innan helsefag, og har sett behovet for eit slikt tilbod. Men kor mange dei skal ta imot på stølen er ikkje avklart endå.

– Vi må få meir oversikt over området og bygget. Og vi vil ta imot heile familiar – ikkje berre ungane. Om det blir titals eller tjue born er usikkert, fortel Morten.

Attende i tid

I tillegg vil paret nytte ein del av det tidlegare sanatoriet til museum, og nytte nokre av tinga frå staden som del av dette.

– Folk har gjerne interesse av å sjå korleis livet her var, med eiga vasskraft og sjølvdrive samfunn. Vi vil gje folk eit innblikk i korleis det var her, seier Morten.

Dyrt prosjekt

Men sjølv om Harastølen reint symbolsk kosta dei 1 krone, er det langt frå gratis å setje det i stand og realisere planane. Ein eksakt sum for kva renoveringa vil koste har ikkje paret eit konkret tal på, men at det er snakk om fleire titals millionar kroner er dei innforstått med.

– Vi har fått finansiering nok til å komme godt i gang. Det kjem frå fleire instansar – ein del eigenkapital og ein del frå andre bidragsytarar. Men vi har ikkje per dags dato fått fullfinansiert prosjektet, seier Morten.

Han fortel at dette er noko dei arbeider aktivt med, og at det ser lovande ut.

– Det ser heilt klart lovande ut per dags dato. Men om folk ønskjer å bidra økonomisk, er det sjølvsagt positiv seier han.

heimsida si skriv dei at alle bidrag er viktige for arbeidet framover.

Arbeidet framover

Det viktigaste no er å sikre bygningsmassen og stoppe vidare forfall. Men aktivt arbeid med renoveringa vil truleg ikkje ta til før tidlegast neste år.

– Det er ein del forarbeid som må gjerast. Men går det slik det er tiltenkt ser eg føre meg at bygget vil stå tett opp mot ferdigstilt om tre år, seier han.

Sjølv har Morten bakgrunn som elektrikar og ein familie der handverkarar er ein gjengangar. Planen er å gjere ein del arbeid sjølv, få inn entreprenør og mogleg få hjelp frå andre i familien.

Han fortel at dei har vore i tett og god dialog med kommunen.

– Det er mange som har hatt tankar og idear for Harastølen i mange år, men det har aldri blitt noko særleg av. Difor har det og vore stilt spørsmål om våre visjonar. Men vi har vore bestemte på at det for oss ikkje er eit om men eit skal. Vi skal få det til.

Kommentarer til denne saken