Gir opp å senke eigedomsskatten

Eva Marie Halvorsen.

Eva Marie Halvorsen. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Høgre skrinlegg ambisjonen om senke eigedomsskatten i Førde til nivået den hadde før. - I den situasjonen kommunen no står i, vil det råke tenestene for hardt, seier Eva Marie Halvorsen.

DEL

- Vi må vere ærlege og vedgå at vi ikkje klarar å gå tilbake til det gamle skattenivået, seier Høgre-gruppeleiaren, etter torsdagens debatt i bystyret om fjorårsrekneskapen og dei dystrare økonomiske utsiktene Førde står overfor.

Der varsla rådmannen at det for første gong på fem år ser ut til å gå mot underskot.


Ikkje realistisk


- Det har vore Høgres mål å skru eigedomsskatten ned att med fem mill kr. Men i dag vi ser ikkje dette som realistisk. Vi kan ikkje rasere tenestetilbodet. Det vi no må bruke energien på, er å hindre at eigedomsskatten aukar meir enn han har gjort. Dette er ikkje minst viktig, når vi ser kor høgt avgiftsnivå Førde har samanlikna med landsgjennomsnittet, seier ho.

-Trur du bystyrefleirtalet vil skru skattenivået i vêret, når det blir problem med å få budsjettet i hop?

- Freistinga vil nok vere stor, seier Halvorsen.


Folk vil betale

Høgre-gruppeleiaren strekar under at partiet ikkje firar på si prinsipielle motstand mot eigedomsskatten som skatteform.

-Men det verkar som folk i dag har så god privatøkonomi at dei også er villige til å betale for å ha godt vatn, rein fjord og gode offentlege tenester, seier Halvorsen.

Ho meiner dette gjekk tydeleg fram av valresultatet i fjor haust.

-Valet viste at eigedomsskatten ikkje var det som opptok folk mest av alt. Framstegspartiet vart ståande på staden kvil, og vår motstand mot auka eigedomsskatt slo ikkje ut i valresultatet i det heile, seier ho.


Tonar ned

Eva Marie Halvorsen verkar lite lysten på nye kampar om eigedomsskatten.

- Det blir eit spørsmål kor mykje energi vi skal bruke på den saka. Men haldningane våre er uendra. Eigedomsskatten er vi grunnleggjande imot, seier Eva Marie Halvorsen.

Artikkeltags