Får husdraumen etter 24 år

Prosjektet Høgdatun skal sjå ut om lag som denne skissa, med tre utleigebustader som er 93 kvadratmeter store i første etasje.

Prosjektet Høgdatun skal sjå ut om lag som denne skissa, med tre utleigebustader som er 93 kvadratmeter store i første etasje. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Gir bygda bustader som kan leigast ut.

DEL

I over 24 år har folk i Førdefjorden jobba med planane om gjennomgangsbustader. No er gravemaskinene i gang med å planere tomta, og til hausten skal tre utleigebustader vere innflyttingsklare.

- Det kjennest godt å endeleg vere i gang, seier Steinar Bråstad, som er noverande leiar av Høgdatun Bustadstiftelse.

Dei tre bustadene skal byggjast på Høgda i Kvammen, og tomta fekk stiftinga gratis av Askvoll kommune.

Kostnadene med å setje opp dei tre husværa blir 4,5 millionar kroner.

I utgangspunktet var planen å byggje eldrebustader, men denne planen vart endra etter at kommunen vedtok at slike bustader skulle sentraliserast til Askvoll.

- Det vil gje husbyggjarar, mellombels tilsette på til dømes skulen, eldre og andre moglegheit til enkelt å leige bustad, seier nestleiar Gerd Rød i stiftinga.

Bråstad legg til at eldre kjem i første rekkje av leigetakarar, på grunn av målet stiftinga hadde då ein del av pengane til prosjektet vart samla inn.

Artikkeltags