Born utan reint vatn i ni år

Elevar på Gjelsvik skule har fått kjøpevatn i ni år fordi springvatnet ikkje kan drikkast. Her er det Benedicte Alice Kvammen som blir servert av lærar Bente Nymoen Selvik.

Elevar på Gjelsvik skule har fått kjøpevatn i ni år fordi springvatnet ikkje kan drikkast. Her er det Benedicte Alice Kvammen som blir servert av lærar Bente Nymoen Selvik. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Då skulen og barnehagen endeleg fekk reinseanlegg - kollapsa det etter 18 månader.

DEL

Gjelsvik skule og barnehage venta i ni år på reint drikkevatn frå springen. Dette fekk dei i juni 2010, men først etter at Mattilsynet hadde truga kommunen med tvangsmulkt.

2. desember kom Mattilsynet på tilsyn, etter at tilsette ved skulen hadde varsla om at reinseanlegget ikkje verka. Då vart godkjenninga av anlegget trekt tilbake.

Kan ikkje hugse liknande
- Vi er lite tilfredse med situasjonen, særleg med tanke på forhistoria. Vi ser alvorleg på denne saka, seier distriktssjef Rune Myklatun i Mattilsynet.

Han kan ikkje hugse at dei tidlegare har trekt tilbake godkjenningar for eit vassverk, og påpeiker at det er Askvoll kommune som eigar som har ansvaret for at det tekniske verkar.

Mykje styr
- Vi har vore tolmodige. Elevar har teke med vatn heimanfrå på flasker, eller har med kopp som dei får kjøpevatn i. Det er tungvint. No er vi tilbake til utgangspunktet, og er varsla om at vi ikkje kan rekne med drikkevatn frå springen dette skuleåret, seier rektor Siv Flatjord.

Ho seier dei prøver å ta det med humør, men fortel at det blir mykje styr i kvardagen når det ikkje er drikkevatn i springane.

Frist til 1. mai
- Vi tek inn over oss alvoret i denne saka, og skal setje alt inn på å få ordna dette så snart råd er, seier ordførar Frida Melvær i Askvoll.

Ho understrekar at det ikkje er tvil om at det som har skjedd er kommunen sitt ansvar.

Mattilsynet har sett 1. mai som frist for at alt skal vere i orden.

Artikkeltags