Åsen og Øvrelid byggjer<br/> nye Sogndal vg. skule

GODT NØGD: Leif Arne Åsen.

GODT NØGD: Leif Arne Åsen. Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Førde-firma får 30 månader og 250 millionar kroner på seg.

DEL

Fylkeskommunen har gått inn for at Åsen og Øvrelid skal få byggja den nye vidaregåande skulen i Sogndal.

– Vi har bestemt oss for å gå i diskusjonar med Åsen og Øvrelid og Arkitektkontoret 38, seier byggje- og eigedomssjef Torolv Norheim i fylkeskommunen til sognavis.no.

Beste planløysinga

Veidekke var einaste konkurrent, og Norheim legg vekt på at entreprenørfirmaet frå Førde hadde den beste planløysinga og tek vare på skulefunksjonane eit slikt bygg skal ha. Kandidatane var elles like på pris.

Særleg er plasseringa i forhold til Campus og intern kommunikasjon i bygget godt gjennomført, meiner Norheim.

Største enkeltkontrakt

– Dette er den største enkeltkontrakten vi har gått inn i, seier dagleg leiar Leif Arne Åsen i Åsen og Øvrelid.

No går partane laus på ein avklaringsfase som normalt fører fram til kontraktsskriving.

– Fylkespolitikarane har gitt oss ei ramme på 250 millionar brutto, som også inkluderer stolar og gardiner, seier Norheim, som reknar mogleg prisstiging inn i denne summen.

Byggjestart vert truleg i 2009, med 30 månaders byggjetid.

Artikkeltags