Seier ja til at Bryggja kan skifte kommune

JA: Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår at Bryggja kan bli ein del av Stad kommune

JA: Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår at Bryggja kan bli ein del av Stad kommune Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

KOMMUNREFORM: Fylkesmann Anne Karin Hamre tilrår at Bryggja kan bli ein del av den nye Stad kommune.

DEL

Innbyggarar på Bryggja vil ikkje bli ein del av Kinn kommune, og har søkt om å bli overført til den nye Stad kommune som er samansett av Eid og Selje. Det meiner Fylkesmannen er smart.

– I tråd med folkeviljen

– Det er lagt vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune, og at det vil vere i tråd med den klare folkeviljen hos innbyggarane, skriv Fylkesmannen i sti tilråding til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Bakgrunnen er eit innbyggarinitiativ frå Bryggja utviklingslag med underskrifter frå 240 innbyggarar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og gav Fylkesmannen oppdraget.

Vågsøy mister 541 innbyggarar

– Vi vurderer at dei økonomiske ulempene ved ei grensejustering er klart innanfor det som er venta løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane og framtid utjamning av inntekter og utgifter, skriv Fylkesmannen i si tilråding.

Faktautgreiinga er gjort av Telemarksforsking, som også har gjennomført ei innbyggarundersøking. Her går det fram at Bryggja har 541 innbyggar, noko som utgjer ni prosent av innbyggarane i dagens Vågsøy kommune. I undersøkinga går det fram at innbyggarane er tydelege på at dei ønsker å bli ein del av Stad kommune, går det fram av tilrådinga frå Fylkesmannen.

Artikkeltags