Vart teken i 78 km/t i 50 sone på E39. Då rauk lappen

NORDFJORD: Utrykkingspolitiet har hatt laserkontroll.

DEL

UP har torsdag hatt laserkontroll på E39 ved Eid. Dei sjekka farten bilistane hadde gjennom ei 50-sone.

Det var skriv ut 6 forenkla førelegg under kontrollen. Høgste målte fart av dei som fekk førelegg var 63 kilometer i timen.

Ein bilførar køyrde ein del fortare enn det. Farten vart målt til 78 kilometer i timen, og det er like over grensa for å sleppe unna med forenkla førelegg. Føraren mista førarkortet, og vert politimeld.

Artikkeltags