– Alle håpar jo på å vinne, eg unner alle saman og vinne, men det blei meg!

VANN:Oselie Henden vant MGPjr med songen «Verda vår» laurdag kveld.

VANN:Oselie Henden vant MGPjr med songen «Verda vår» laurdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

14 år gamle Oselie Henden frå Nordfjordeid stakk av med sigeren i MGPjr 2017 .

DEL

– Alle håpar jo på å vinne, eg unner alle saman og vinne, men det blei meg, sa den strålande nøgde 14- åringen Oselie Henden frå Eid då sigeren var eit faktum laurdag kveld.

14- åringen vann med låten«Verda vår», som handlar om flyktningkrisa og at ein ikkje kan la vere å bry seg. Den gjekk rett heim i målgruppa til barnesongkonkurransen i regi av NRK.

I år var det tredje gang Oselie melde seg på konkurransen, skriv NRK.

I fjor vann sambygdingane Vilde og Anna den same konkurransen med låta «Vestlandet»

Med 15.000 publikum i Telenor Arena på Fornebu utanfor Oslo og eit arrangement som ikkje har stått tilbake for den «vaksne» Melodi Grand Prix-finalen konkurrerte ti finalistar om førsteplassen laurdag kveld.

Ella Lockert Postl med låten «Pop, drop, DAB», Eirik Lyng med «Her for deg», Magnus Winjum-Anderssen med «Alt er herleg» og altså Oselie Henden var dei fire av dei opphavleg ti finalistane som gjekk vidare etter første runde og blei superfinalistar.

I alt 1255 bidrag blei påmeldt til årets konkurranse. MGPjr starta i 2002 og er ein songkonkurranse for barn. Det er ein open konkurranse der ein kan sende inn eigne bidrag.

(NTB)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken