Masker, minitelt og musikk

MASKEDILLA: Lene Sunde Leirvåg frå «Klovner i Camp» seier at maskene senkar terskelen for at folk tek kontakt.

MASKEDILLA: Lene Sunde Leirvåg frå «Klovner i Camp» seier at maskene senkar terskelen for at folk tek kontakt.

Artikkelen er over 4 år gammel

EID: For dei utanforståande kan festivallivet virke forvirrande. Kvifor skal personar med store senger, velfylte kjøleskap og som bur i rike Norge ha lyst til å forlate alle desse goda og leve i telt i fleire døgn?

DEL

Ein gong i året blir Nordfjordeid forvandla. For det utrente auge kan det sjå ut som at bygda har blitt invadert av ein tilflytta nomade.

Hundrevis av telt står hulter til bulter på festivalområdet og folk sit i små sirklar utanfor teltopninga. Det hadde kanskje sett ut som eit gammalt stammesamfunn om telta ikkje hadde vore i alle regnbogens fargar, frå psykedelisk rosa til knallgule.

MEIR: Her er Malakoff i bilder!

I staden for å vere samla rundt små bål som i vanlege stammesamfunn har denne stammen sett opp samanleggbare bord, kjøpt inn frysebag og sit i sirklar rundt fleire liter øl og pratar før dagens konsertar.

Det er laurdag på Malakoff Rockfestival og når eg kjem til området i 14-tida er dei aller fleste oppe og går. Enkelte har vore og bada, andre sit og slappar av i ein solstråle og dei aller sprekaste får med seg dagens første konsert – Bendik – eit energisk band som opna laurdagen på Malakoffscena. Mange på teltplassen har gitt leiren sin eit namn. Lene Sunde Leirvåg frå Jølster har samla ein gjeng i «Klovner i Camp».

SJØLVI: Sjølv på innsida av festivalområdet må ein av og til fortelje folk at ein har det bra.

SJØLVI: Sjølv på innsida av festivalområdet må ein av og til fortelje folk at ein har det bra. Foto:

- Malakoff er jo det største arrangementet vi har i fylket og her treff du igjen så mange kjente. Det tar ein time å gå på do berre fordi du treffer så mange kjente på vegen.

Maska skaper kontakt

«Klovner i Camp» er ein stor gjeng, sett samen av jølstringar og glopparar som har vore på Malakoff fleire år på rad.

Forbipasserande legg fort merke til det som ser ut som eit hovud som ligg på bakken ved sida av campen. Det er heldigvis berre ei maske. Lene har ein fascinasjon for masker og viser stolt fram ein av dei – av den koreanske superstjerna Psy.

– Masker og glowsticks gjer ting litt mindre seriøst og senkar terskelen for at folk tar kontakt.

Fekk trening på konsert

Nordmenn har eit rykte på seg utanfor landegrensene på å vere litt reserverte, men ein tur på Malakoff i helga ville gjort mykje for å avkrefte desse rykta. Ein tilsynelatande god gjeng med vener samla utanfor eit Volkswagen-telt fortel meg at det først trefte kvarandre på fredag.

– Vi kjente ikkje kvarandre frå før. Vi møttest i går kveld då Håvard leita etter røyk, seier Johanna Kirkeland.

ROMSLEG: - Det er komfortabelt og kult, seier Johanna Kirkeland om sitt Volkswagen-telt.

ROMSLEG: - Det er komfortabelt og kult, seier Johanna Kirkeland om sitt Volkswagen-telt. Foto:

Håvard Alisøy Søvig frå Florø, Sarah Haukeland frå Hardanger og Guro Haugland som også er frå Florø tilbrakte dei første timane av dagen i kvarandre sitt selskap. Praten gjekk for det meste om fredagens konsertar:

– Gogol Bordello var min favoritt, fortel Håvard

– Eg har aldri høyrt noko av dei før, men det var kjempestemning på konserten. Det var trening å vere der, eg er heilt utsliten i dag.

Volkswagen-teltet fortel Johanna at var mest for gøy, men at det òg er praktisk å ha så høg takhøgd.

Nokon som tydelegvis ikkje bryr seg så mykje om takhøgd er eigaren av eit telt på andre sida av teltplassen. Det står under ein halvmeter høgt og er omtrent like langt som gjennomsnittspersonen.

Mannen i likposen

– Vi anar ikkje kven som eig det. Alle spør, men det berre var her då vi vakna i dag, fortel Jan Harald Langeland, Aleksander Fauske og Martin Furevik som er næraste naboar til teltet som i denne delen av campen blir kalla «likposen».

Omsider dukkar bebuaren i eittromsleilegheita opp. Alexander frå Trondheim forsvarte ideen om det låge teltet:

– Det må jo vere frykteleg varmt i solsteika?

«LIKPOSEN»: Alexander (t.v.) forsvarer bruken av einmannsteltet sitt foran kameratane Åsmund og Morten.

«LIKPOSEN»: Alexander (t.v.) forsvarer bruken av einmannsteltet sitt foran kameratane Åsmund og Morten. Foto:

– Det er ikkje så varmt der inne faktisk, men folk trakkar og snublar over meg av og til, fortel han.

Alexander er på Malakoff saman med Åsmund Bertelsen og Morten Myhrvold frå Oslo:

– Er du her mest for festivallivet eller for musikken?

– Det er omtrent 50/50 trur eg, med så god lineup. På Roskilde er ein der mest for festivallivet, seier Morten som ser spesielt fram til Kvelertak.

Klokka 1700: Det var stillare i leiren no. Enkelte teltplassar var heilt forletne og eit titals campingstolar stod tomme igjen. Mange hadde trekt ned til konsertområdet for å få med seg ein av dei største stjernene, Gabrielle, som snart skulle gå på scena. Andre hadde omfamna sin indre stammemann litt mykje og ein kunne sjå ein rockar utan skjorte bli vist vekk frå området av vektarane.

Festivallivet forvirrar kanskje nokon, men det gir meining for alle som er på innsida av sperringane. Nokon er her hovudsakleg for musikken sin del, mange andre er her for festivallivet sin del. Å bu ute, sitte saman med venner og familie i kveldssola med noko godt å drikke og den mektige lyden frå konsertane som kastar seg over teltleiren.

Artikkeltags