Vil betale for overgrepsmottak

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo fortel at formannskapet i Eid i dag samrøystes gjekk inn for å støtte overgrepsmottaket i Førde.

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo fortel at formannskapet i Eid i dag samrøystes gjekk inn for å støtte overgrepsmottaket i Førde. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Politikarane på Eid valde å gå mot rådmannen si innstilling og er med på ordninga i Førde eitt år til.

DEL

I framkant av dagens kommunestyremøte tilrådde eit samrøystes formannskap at kommunestyret skulle gå inn for å støtte overgrepsmottaket, trass i at rådmannen og helse- og sosialsjefen si tilråding om at ein ikkje skulle støtte vidare drift av overgrepsmottaket. Dei fremja i staden forslag om at ein skulle etablere eit eige alternativ på Nordfjordeid.

I kommunestyret vart det samrøystes vedteke å støtte overgrepsmottaket i Førde eitt år til.

– Vi er med i 2016, samtidig går vi laus på å få til eit samarbeid om ei lokal løysing med nabokommunane i 2017, seier Alfred Bjørlo.

Vil stoppe uvisse

Sjølv om rådmann og helseetatane på Eid meiner det er fagleg rett å få overgrepskompetanse inn i førstelinja, meiner politikarane det er viktig å stoppe den uvissa som har rådd kring både mottak og barnehus.

– Med all uvissa kring heilskapen i fylket, og etablering av barnehus, så seier vi at vi er med i 2016. Vi må få full oversikt over alle tilhøve, og avklaring på saka om barnehus i Sogn og Fjordane, seier Bjørlo.

Blar opp

Gloppen kommune har tidlegare bestemt seg for at dei vil støtte overgrepsmottaket, og at dei ikkje skal setje noko øvre tak på kor mykje dei vil betale for dette: Vil bla opp for overgrepsmottak

Artikkeltags