Eg er utanfrå. Eg er til og med austlending. Likevel har eg følgt denne saka lenge, og den gjer vondt. Eg er ingen lenkjar, men ein tenkjar.

Det er ingenting unikt med Engebø-saka. Me har sett det tusen gonger før. I Norge og i verda. Me menneske har i alt for lang tid forsynt oss av det me vil for å tilfredsstille velferda og vårt aukande forbruk. Felles for desse sakene er at naturen står igjen som den store taparen, gong på gong. Me har jo ingen pris på han? Kva er verdien av ei brosme? Kva er verdien av ein gut som står opp før sola for i fiske i fjorden? Kva er verdien av å la naturen vere som han er?

Eg legg desse store, svevande spørsmåla til sides, og tek fram realisten og økonomen i meg. Eit velfungerande samfunn i vår tid er avhengig av arbeidsplassar, naturressursar og ein sunn økonomi, det er me alle einige om. Men naturen har gjeve oss klar beskjed gjennom rapportar frå tusenvis av forskarar verda over. Me må spele på lag, og me må heie på dei som tenkjer nytt. Klimautfordringa har me visst om lenge, og tap av naturmangfald og knappe ressursar har fått auka fokus dei siste åra.

FNs 17 berekraftprinsipp er sjølve symbolet på korleis me i framtida bør handle for å ta vare på både arbeidsplassar, lokalsamfunn og naturen utan at det eine vert ein kostnad for det andre. Samspelet mellom sosial- økonomisk og miljømessig berekraft vert det ofte kalla. Sjølv kjem eg frå reiselivet, og her er diskusjonane høglydte. Lokale innbyggjarar, klima og miljø må prioriterast i framtida for å sikre betre lokal verdiskaping. Eit fokusskifte.

Men omstillinga til berekraft-samfunnet er upløgd mark for mange, både for privat næringsliv og folk. Me er ikkje van med å ta omsyn til naturen, nettopp fordi me ikkje har ein pris på han. Sjølv om me set så pris på han. Mormora mi derimot, ho visste godt. Ikkje ein bit av det slakta dyret gjekk til spille då ho vaks opp. Som økonom hugsar eg godt tilbod- og etterspurnadskurva me lærde om på handelshøgskulen, som trefte kvarandre på midten i harmoni, der menneske og bedrifter var nøgd. Negativ påverknad på miljøet var teikna inn som ein ekstern kurve kalla eksternalitet. Me fekk han ikkje inn i marknadskurva eingong. Til og med økonomar slit med samspelet.

Frå skulebenken hugsar eg og me lærde om kor mykje me tek innover oss av det som skjer kring oss. Om ei nær ven brekker beinet, vil man verte like personleg påverka som ein alvorleg trafikkulykke der fleire born omkom på den andre sidan av jorda, eller noko sånt. Litt paradoksalt og brutalt, men forståeleg. Me kan ikkje ta alt innover oss. Og frå sidelinja framstår Engebø-saka litt på same måte. Ein aktør langt borte tenkjer mindre på om forskarar og havinstituttet får rett i at dumping i havet vil kunne utgjere ein fare for dyrelivet i fjorden og tryggleiken til vatnet samanlikna med dei som bur i nærleiken. For dei vil det betyr alt.

Det er ingenting unikt med Engebø-saka. Ein større aktør utanfrå vil tene pengar på lokale naturressursar, med lovnad om arbeidsplassar og inntekter. Med eigarskap og kontor langt utanfor lokalsamfunnets grenser, med økonomisk profitt for investorar som overordna mål. Privat næringsliv har alltid nytt godt av slik tankegang, og lokalpolitikarar ønskjer dei velkomen. Sjølv med løysingar som forskarinstitutt og enkeltforskarar, interesseorganisasjonar, miljøorganisasjonar og ikkje minst dei som bur i nærleiken av prosjektet protesterer mot. Det er jo arbeidsplassar og inntekter inn i bildet.

Men det er det noko unikt ved saka likevel. Bygda har eit alternativ. Ein annan aktør, som ønskjer å spele på lag med dei lokale, naturen, og ikkje minst nytte alle dei ressursane dei kan frå drifta. Sjølv om dei i større grad er på upløgd mark, med ei annleis løysing.

Betre ressursutnytting, og å ta vare på naturen er sjølve nøkkelen i omstillinga til eit berekraftig samfunn. Og det skjer overalt i Norge. Straumselskapet Fortum ønskjer å gjere landbruksavfall om til kler. Larvefabrikken Invertapro vil nytte matavfallet vårt til å dyrke larver, som igjen vert fôr til oppdrettsnæringa, og ekskrementet vert gjødsel. Så få avfallsprodukt som mogeleg i produksjonen. For me må tenkje på samspelet. Og politikarar må rekkje ut ei hjelpande hand, saman med privatpersonar og næringslivet.

Så til slutt. Eg heiar frå sidelinja på det upløgde, det nytenkjande, som prøver å nytte alle ressursane dei kan, framfor å gjere som me menneske har gjort så alt for lenge no, å sjå på naturen som ein avfallsplass. Eg heiar på dei politikarane som følger med på utviklinga og løfter fram det gode, berekraftige samspelet.

Lukke til vidare med prosessen Naustdal og Sunnfjord!