Sogndal, den flinke naboen, er elefanten i rommet ingen vil snakke om, skriv Kai Aage Pedersen frå Firda i Sunnfjord.

Eller meir presis: To nabokommunar som i liten grad snakkar saman. Den eine er blitt 22.000 innbyggarar, den andre har runda 12.000.

Trass i mykje som er likt, blir det også utvikla ulike strategiar. Sunnfjord arbeider målretta for å bli senteret mellom Bergen og Ålesund. Dei søker mot Bergen og skaffar seg eigne talerøyr både på Stortinget, KS og fylkestinget. Dei har samstundes etablert allianse med både Nordfjord og HAFS. Dei fekk solid gjennomslag ved siste NTP. Dei har liten debatt om desse vegvala.

Sogndal har ein relativt større vekst. Det er god rekruttering. Profilen er ei kunnskapsbygd for friluftsinteresserte. Klimaet er så godt at vindyrking er blitt ei vekstnæring. Tala syner at vi har mange unge og kvinner i fruktbar alder. Det er eit stort spenn av arbeidsplassar som krev høgare utdanning. Det er nokre fleire i privat enn offentleg sektor. Vi fekk ikkje gjennomslag i den siste NTPen. Vi er i liten grad representert i styringsorgan som storting og fylkesting. Listeframlegga til det kommande fylkestingsvalet syner så langt heller ikkje ei endring.

Sogndal arbeider gjennom Sogn regionråd. Dei er i ferd med å utvikle eit samspel med Hardanger og Voss.

I den førre perioden, vart det gjort spede forsøk på at Førde og Sogndal skulle snakke saman. Det tørka bort. Nå er det to sterke Sp-ordførarar som sit med styringsspakane. Dei bør ha noko felles.

Har så Sunnfjord og Sogndal noko å snakke om? Her er ti samtalepunkt:

  1. Samferdsle – båe kommunar har behov for betre og snøggare veg austover
  2. IKT – Sogndal valde bort samarbeidet med Sunnfjord – kva er lærdommen for båe kommunar i dag?
  3. Universitet – båe kommunar blir om få år universitetskommunar – korleis førebu seg som utvida kompetansesenter?
  4. Landbruk – her er det både konflikt- og utviklingsinteresser, avfall frå husdyrgjødsel til biogass?
  5. Kapitaltilgang – korleis få fleire investorar til å bidra til utvikling?
  6. Avfall – korleis nytte våtorganisk avfall frå hushaldingane?
  7. Turisme – natur har vi i rikt monn, kanskje vi kan gjere noko felles?
  8. Kan vi få til ei felles grøn utvikling?
  9. Kan vi etablere eit felles samarbeidsprosjekt? Det kan t.d. handle om eit tettare samarbeid mellom FoU, klynger og næringsliv
  10. Flytilbod – vi treng både betre flyruter og vesentleg rimelegare flytilbod – kan vi gjere noko saman her?

For eitt år sia, vart det lagt fram eit stort prosjekt om grøn næringsutvikling i regi av Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Sogndal vart der kalla for smartbygda. Kanskje ordføraren her skulle ta seg tid til ein prat med naboen?

Les også

Sogndal – den gløymde nabokommunen