Gå til sidens hovedinnhold

Ei bru til bry

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

I mi tid som bystyremedlem, var eg i 2013 med på å vedta Førdepakken. I 2015 gav Stortinget grønt lys for 20 tiltak, og tiltak nr. 1, bru over Jølstra, var det som skulle prioriterast. På det tidspunktet vart vi lagt fram ei kartskisse som viste ein tjukk strek som gjekk rett fram frå Angedalsvegen og over til Hafstad bydel. Det måtte sjølvsagt ei bru til for å krysse Jølstra, og det burde vere rimeleg enkelt.

Tenkte dei fleste av oss.

Men tida gjekk. I februar 2019 var eg med på å bestemme korleis denne brukryssinga skulle skje. Sånn cirka, i alle fall. Men mange har hatt meiningar sidan den gong, og mange ulike løysingar har vore presentert.

Fem og eit halvt år etter Stortingsvedtaket, skal det endeleg avgjerast korleis ein skal greie å krysse elva. Vi må berre ta til oss at her til lands skal ikkje forsering av ei 50–60 meter brei elv skal vere enkelt. Fem og eit halvt år med utgreiingar og forslag! Og med eit forventa vedtak i løpet av kort tid, og byggestart ein gong i løpet av 2021, kan vi vel rekne sju-åtte år totalt på dette prosjektet.

Utan samanlikning, men likevel: arbeidet med Kertsjbrua – eit 19 kilometer langt brusamband – som knyt Krasnador-regionen i Russland saman med Krimhalvøya, starta i desember 2015 (etter den russiske anneksjonen av Krim) og opna i mai 2018.

Men dei som planla og bygde det brusambandet slapp nok å ta omsyn til mine og dine meiningar, hobbyfiskarar, idrettsleiarar, lærarar, lokalpolitikarar, fylkesmannen, NVE, kunstverk, naturmangfald, kantvegetasjon, fortidsminne, hekkeplassar, 1000-års flaumar og mykje anna. Dei berre bygde prosjektet.

Skal ein bygge ei bruer i Norge, må ein til dømes ta omsyn til artsmangfaldet. Og at laks kan kollidere med ein brupilar eller to som er plassert i elva. Er laksen blind? Tenker laksen at når den har passert betongelementa ved Langebrua er det berre å gire ned, gje gass og rase oppover Jølstra for her er det null hindringar? Og BANG! Der var det forsynemeg kome eit element i elva som ikkje var der i fjor. Eller skal fritidssyslane til ei lita gruppa gå framom det praktiske? Fangststatistikken for 2015 viser at det vart fanga 298 laks og 102 sjøaure, men det aller meste vart sett ut i elva igjen.

Det blir alltid gjort grundige undersøkingar før slike prosjekt kan byggast. Visste du forresten at dei svartelista artane parkslirekne og kjempespringfrø er i ferd med å etablere seg i flaumområdet? Ikkje bra.

Og vi har fortidsminne som må vurderast. Eit av dei er den skjulte fortidsminneperla vår i Førde: Landabryggja. Ei brygge frå slutten av 1700-talet som delvis ligg under vatn og er usynleg. Resten er overgrodd av mose. Den attraksjonen ser heldigvis ikkje ut til å bli råka av prosjektet.

Men uansett kor mykje omsyn ein må ta, er det dei personlege og emosjonelle meiningane til einskildpersonar som byr på dei største utfordringane for kommuneadministrasjonen og Statens vegvesen, og til slutt kommunestyret. Her har meiningane vore mange og sterke, og særinteressene ser ut til å ha trumfa all sunn fornuft.

Kvifor kan ein ikkje ta deler av ei ubrukeleg kunstgrasbane som knapt nok er i bruk lenger til ordinære fotballkampar? Når eg går forbi kunstgrasbana er den anten fri for folk, eller så er det nokre få personar som spelar fotball der – på tvers av bana.

Og kvifor kan ein ikkje røre området framfor Førdehuset. Eg undrar meg på kva som er så estetisk vakkert med uteområdet framfor kulturstova. Kva er det andre ser, som eg ikkje ser? Førde sitt svar på Slottsplassen vart det hevda i formannskapet. Den såg eg ikkje komme.

I formannskapet torsdag 26. november vart det fleirtal (Ap og Sp) for alternativ 7, der ein beheld kunstgrasbana og øydelegg laksen. Vedtaket vart anka av SV og MDG, og saka går no til kommunestyret. Heldigvis. Har vi venta i så mange år, toler vi å vente ei veke til på den endelege avgjerda, slik at alle i kommunestyret får høve til å gjere vedtak, ikkje berre dei «elleve eidsvorne menn og kvinner» i formannskapet.

Ved å gå for tiltak nr. 5, er det eit framifrå høve til å få rusta opp området framfor Førdehuset, og skuleelevar kan få boltre seg på ein oppgradert aktivitetsplass i gymtimane der kunstgrasbana ligg no. Ein slepp også å røre Laksen, og påføre kommunen mykje negativ omtale i form av vandalisering av kunstverk. Om det skjer er det garantert mat for riksmedia. Kanskje ein skal tenke litt på omdømet vårt også.

Det fine med demokratiet er at alle kan få seie si meining, men når alle har sagt sitt, er det ikkje mogleg at alle blir nøgde. Til det er særinteressene for mange, og nokon – i dette tilfellet kommunestyret – må ta den endelege avgjerda. Til glede for nokre, til irritasjon og forarging for andre. Men sånn er det.

Men no går det mot slutten. Fasit? Fem og eit halvt år med planlegging – og ein endar opp med alternativ 7 – eine og åleine fordi ein ønskjer å behalde ei kunstgrasbane. Tenk litt på det.

Det er vel som å tru på julenissen, men eg set mi lit til at kommunestyrerepresentantane brukar siste veka godt, og ser at alternativ 5 er betre enn alternativ 7.

Les også

Flytt kunstverket Laksen, spar området framfor Førdehuset og bygg bilbru over Jølstra!

Les også

Professor fekk hakeslepp då han studerte Førdepakken

Les også

Kommunalsjefen om Laksen: – Ifølge åndsverklova kan vi ikkje øydelegge eit kunstverk

Kommentarer til denne saken