«Ei bok om samhald og identitet og med presise observasjonar om Førdes framvekst»

DEL

Bokmelding «Du har kanskje gått forbi kyrkja og lagt merke til den opne plassen på Toene? Det er den første fotball- og friidrettsbana i Førde. Eller kanskje har du vore på Hafstadstølen ein fin vinterdag? Her utfalda ungdommen seg i det første hopprennet for hundre år sidan. Det er slikt eldre folk nikkar attkjennande til, men for tilflyttarar og yngre generasjonar er det kanskje ikkje fullt så kjent.»

Slik startar boka Rune Fossum Lillesvangstu har skrive om Førde Idrettslag som feirar 100 år. Vi er mange innflyttarar som har budd lenge i Førde utan å vite at Toene har vore ein idrettsarena. Men no veit vi det. Og vi veit også at det var her ein av fylkets beste fotballspelarar nokosinne, Lasse Opseth, øvde inn fintene sine.

I ein kakofoni av loddbøker, kakelotteri, dugnadsarbeid og idrettstalent som kjem og går, kan det vere lett å ta idrettslaget for sjølvsagt. Men etter å lese Den spreke hundreåringen skjønar vi at det er ein svært viktig samfunnsinstitusjon som no jubilerer.

Det er knapt mogleg å tenkje seg eit godt liv i den sunnfjordske småbyen utan idrettslaget. Mange har brukt tusenvis av timar på å halde seg i form på eit eller fleire av idrettsanlegga i Førde. Andre har brukt mesteparten av fritida si (og litt til) på å realisere desse idrettsanlegga. Boka om Førde Idrettslag er full av godt fortalte historier om desse heltane. Med krum nakke har dei gått laus på store utfordringar og laga ein solid grunnmur for det gode oppvekstmiljøet Førde kan by på i dag.

 Idretten er god som brubyggar i form av at han er tidlaus og noko vi har i felleskap mellom generasjonar, skriv  styreleiar Arne Helgheim i Førde idrettslag i forordet i boka.

Idretten er god som brubyggar i form av at han er tidlaus og noko vi har i felleskap mellom generasjonar, skriv styreleiar Arne Helgheim i Førde idrettslag i forordet i boka. Foto:

Eit heilt kapittel i Den spreke hundreåringen er via den lange kampen for å bygge Hafstadparken som sto ferdig i 2014. Denne historia er åleine god nok grunn til å kjøpe boka. Den startar med dei visjonære tankane som oppstod hjå Håkon Fimland i 1987 – og som kulminerte med at Trond Mohn bladde opp 10 ekstra millionar for å sikra finansieringa på oppløpssida. I løpet av nesten tretti år har ei gruppe førdianarar lagt ned enormt med arbeid for å realisere den idrettsparken vi har på Hafstadflatene i dag.

Boka om Førde Idrettslag er ei bok om sterke idrettsprestasjonar, det er ei bok om samhald og identitet, det er presise observasjonar om Førdes framvekst – og det er ei markering av kor ekstremt viktig ein organisasjon kan vere for eit lokalsamfunn i 100 år.

Men mest om alt er dette ei bok om folk. «Eg visste ikkje at du har drive med idrett», kan bli eit munnhell i Førde etter kvart som boka gjer sitt inntog i sunnfjordske heimar. Boka er nemleg pakka med namn og bilde av naboar og kollegaer som ein eller annan gong i tida vann pokalar for idrettslaget vårt. I boka blir dette skildra og sett inn i ein historisk kontekst som gir interessante perspektiv.

Rune Fossum Lillesvangstu har lagt ned ein stor jobb med denne boka. «Den spreke 100-åringen» er eit resultat av eit langvarig puslespel – ikkje berre med å finne informasjon frå dei siste 100 åra, men også med å kvalitetssikre at denne informasjonen er rett.

Fossum Lillesvangstu er ein god historieforteljar, og han har brukt godt vit når han har prioritert stoffet i boka. Dette er slett ikkje sjølvsagt i denne typen bokverk – der alt og alle ofte skal ha sitt.

Viss eg skal tore meg frampå med litt pirk kunne eg tenkje meg eit kart over nye og gamle idrettsarenaer i Førde. For tilflyttarar er dette verdifull informasjon som også vil gjere boka endå meir lettlesen. Dette kan Selja Forlag få på plass i neste utgåve, når førsteopplaget er selt ut om ikkje så lenge. Mest truleg blir dette årets julegåve i Førde.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken