Ei annleis jul i eit annleis år

Biskop Halvor Nordhaug oppmodar til å gje ei julegåve til dei fattigaste i verda.

Biskop Halvor Nordhaug oppmodar til å gje ei julegåve til dei fattigaste i verda. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Det går mot ei annleis jul i eit annleis år for oss alle. Dette året er ei forteljing om einsemd. Vi har i 2020 vore meir aleine enn nokon gong i nyare tid. Samtidig er dette året også ei forteljing om fellesskap. Når vi er aleine, er det for å ta vare på flokken vår, dei av oss som treng det mest.

For å halde motet oppe, seier vi at «alt blir bra». Vi håper og trur at det også blir slik. Det kjem ein vaksine. Vi skal møtast igjen, på jobb, på fest, på konsert, til kyrkjekaffi og fotballkamp. Det skal bli lov å klemme vår venner og kjære. Det skal bli fritt tilgjenge til å gjeste bestefar på sjukeheimen. Det skal bli lov å stå tett saman i kassakøen, og sitje skulder ved skulder med framand på bussen. Dører skal opne seg og vi skal gå inn i dei utan å sprite hendene.

Men ikkje alle vil få livet tilbake slik det var før. Då samfunnet stoppa opp, var det nokre av oss som miste meir enn andre. Dei som er blitt permitterte og arbeidsledige treng meir enn vaksinar og klemmer. Når handelsstanden inspirerer oss til tidenes julehandel, er det fleire enn før som ikkje veit om inntekta held til å dekkje bustadlånet.

Samtidig som det går mot ei annleis jul i Noreg, er utfordringane våre likevel ikkje dei største. Som vanleg klarer vi oss langt betre enn dei fleste andre på kloden. Mange av dei som før var blant verda sine fattige og sjuke er no blitt endå fattigare og sjukare. FN varslar hungersnaud i fleire land. I Den norske kyrkja høyrer vi frå vår eigen hjelpeorganisasjon, Kirkens Nødhjelp, og frå systerkyrkjene våre i andre delar av verda, at dei dagleg møter menneske som opplever dramatisk forverra livsvilkår.

I Noreg har vi tradisjon for å hjelpe med stønad til frivillige hjelpeorganisasjonar, og då særleg ved juletider. I kyrkjene samlar vi mange stader inn fleire millionar kroner til Kirkens Nødhjelp på julaftan. I år er det lagt avgrensingar på kor mange som denne dagen får kome og gi gåva si i kyrkja. Då er det viktig at Kirkens Nødhjelp likevel får den stønaden dei er avhengige av for å kunne hjelpe.

I dette annleisåret vil eg gjerne oppmode alle til å gi ei gåve digitalt til trengande medmenneske. Som del av feiringa vår av julebodskapen kan vi på den måten delta i arbeidet med å redde liv, lindre naud og fremje rettferd. Vi kan enkelt gi gåva vår til Kirkens Nødhjelp, for eksempel ved å bruke Vipps og slå koden 2426.

For nokre år sidan bad Kirkens Nødhjelp salmediktaren Eivind Skeie om å skrive eit nytt vers til den kjende julesongen sin «Tenn lys». Han svarte med desse orda: «Det er ikke nok at vi `bare´ tenner lys i seg selv. Vi må også gjøre noe. Vi må handle.». Og så skreiv han dette verset:

Tenn lys for livets rikdom, for jord og luft og vann!

Tenn lys for fred og vennskap, for barn i alle land!

Må ingen være redde og mangle hjem og brød!

Tenn lys og håp i verden mot fattigdom og nød!

La oss tenne lys og handle til beste for andre i dette vanskelege året!

Eg ønskjer dykk alle ei god og velsigna julehøgtid.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken