Gå til sidens hovedinnhold

– Eg saknar standpunkt frå Trygve Slagsvold Vedum om gjenoppretting av Sogn og Fjordane

Artikkelen er over 1 år gammel

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Trygve Slagsvold Vedum har eit flott innlegg i media i desse dagar om og mot sentraliseringa av m.a. Sogn og Fjordane. Statistisk sentralbyrå har som kjent spådd at dette berre vil fortsette framover og at folketalet vil falle. Vedum peikar på at dette på mange måtar er politisk bestemt og at ein kan velje ein annan politikk for å satse på distrikta.

Det meste av det Vedum skriv kan eg utan tvil stille meg bak og stå saman med han og Sp på. Det er det Vedum IKKJE seier noko om som er litt problematisk.

Eg saknar eit klart standpunkt frå Vedum om reversering av Vestland og gjenoppretting av Sogn og Fjordane. Sp har vore veldig klare på at kommune- og regionreforma er ein stor sentraliserings-kampanje, at den forsterkar den pågåande sentraliseringa. Eg har prøvd å følge med når Vedum har uttala seg i media om dette med reversering og då er det Finnmark/Troms og Viken han alltid dreg fram. Kvifor ikkje nemne Vestland i same andedraget, Vedum? Du veit jo godt at Sp i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om at dei vil reversere Vestland? Viss Sp sentralt meiner at dei vil reversere Vestland også så må du flagge det standpunktet klart og tydleg. Og så skulle eg veldig gjerne sett at du hekta på nokre ord om reversering av Kinn kommune også.

Les også

Unge Høgre, slutt å latterleggjere Sogn og Fjordane!

Les også

Regionreforma – allereie mislukka?

Les også

Nei, Bergens Tidende: Sogn og Fjordane er ikkje lagt ned!

Kommentarer til denne saken