Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kjære Sunnfjord kommune
Eg har jobba 7 år i Sunnfjordbarnehagen, og er stolt av jobben min! Eg veit eg gjer ein skilnad, og ein god innsats for barn og foreldre.
Eg er stolt av å kunne namna til alle barn og foreldre i barnehagen.
Eg er stolt av at når «Kari» kjem for å hente barnet sitt, så veit eg kven barnet er!
Kanskje eg til og med veit kva barnet har gjort i barnehagen den dagen, til trass for at barnet går på ei anna avdeling.
Eg er stolt over å ha ein arbeidsplass der tidleg innsats og inkluderande barnehagemiljø er satsingsområde.
Eg er stolt over at vi klarer å ha mindre leikegrupper og nære, trygge vaksne på jobb kvar dag.
Eg er stolt over å jobbe i eit miljø med høg fagleg kvalitet og kompetanse.
Eg er stolt av å seie at barna har trygge rammer, kjende omgjevnader, føreseielegheit og stabilitet.
Eg er stolt over å glede meg til jobb kvar dag.
Eg er stolt av å jobbe i ein fireavdelings barnehage. Ein barnehage som er akkurat passeleg stor.
Passeleg stor for at vi kan sikre arbeidet med omsorg, danning, leik, læring, sosial kompetanse, kommunikasjon og språk.
Passeleg stor for at vi kan sikre at barna blir sett, høyrd og inkludert.
Passeleg stor for at personalet kan utvikle seg, lære av kvarandre og ha gode relasjonar
Kjære Sunnfjord kommune
Eg blir lei meg, skuffa og redd!
De skriv om moglegheit for lønsam og effektiv drift. At alle framtidige barnehagar skal byggjast med seks avdelingar og eit tal på 144 barn.
Då undrar eg
Kor er barna si stemme?
Kor er «for barna sitt beste»?
De skriv at større einingar er kostnadseffektivt, det gir stordriftsfordelar og det sikrar at organisering i bygningsmassen gir fordelar.
Det høyrest sånn sett fornuftig ut, dette er eit fagfelt eg kan lite om.
Men dette gjeld ikkje berre ei stordrift eller ein bygningsmasse. I det store og det heile er det barna våre, framtida vår.
Her kjem vi inn på mitt fagfelt. Skal vi sikre barna sitt beste, tidleg innsats og eit inkluderande barnehagemiljø, må vi:
Ha eit personal som er nær barna i samspel, leik, danning og læring.
Ha eit personal som støttar og rettleiar barna.
Ha eit miljø der barna er trygge på dei vaksne rundt seg.
Skal eg bli 1 av 36 vaksne som skal vere den trygge basen, rettleie og støtte 144 barn, er eg redd både eg og andre skal «forsvinne» i det de beskriv som ei stordrift.
De skriv at de vil ha attraktive barnehagar med høg kvalitet.
Då skriv eg:
Mitt ønskje for 2023 er ein kommune som:
Jobbar for barna våre.
Jobbar for at alle barn skal bli sett, høyrd og inkludert.
Jobbar for at barna våre skal møte trygge, ressurssterke vaksne.
Jobbar for at barna har trygge rammer og føreseielegheit.
Jobbar for å lage barnehagar som er til det beste for barna!
Nokre tenkjer kanskje eg er kravstor, men mitt ønskje for 2023 er ein kommune som prioriterer dei yngste si stemme!
Kanskje dei ikkje kan seie ifrå sjølv. Då må vi vaksne strekkje ut ei hjelpande hand, og rope for dei.

Skrur ned temperaturen i idrettshallane: – Dei som ikkje er i aktivitet vil merke det
Takk for innsatsen i 2022.

Den pensjonerte distriktslegen reagerer på skyhøg vikarlege-løn: – Heilt uhøyrt
