Eg er glad når det er høglydt krangel på morgonmøtet

LE: Eg trur vi fort kan ende opp med å le av Sogn og Fjordane på eit morgonmøte i BT, slik Pedersen fryktar. Det har vore nok å le av i regionreforma. Vi ler mykje av Bergen, og eg håper verkeleg de i Firda gjer det same, skriv BT-redaktør Frøy Gudbrandsen.

LE: Eg trur vi fort kan ende opp med å le av Sogn og Fjordane på eit morgonmøte i BT, slik Pedersen fryktar. Det har vore nok å le av i regionreforma. Vi ler mykje av Bergen, og eg håper verkeleg de i Firda gjer det same, skriv BT-redaktør Frøy Gudbrandsen. Foto:

Av
DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Firda-redaktør Kai Aage Pedersen meinte at Sogn og Fjordane var langt meir i live enn det ein fekk inntrykk av i Bergens Tidende. No svarar BT-redaktør Frøy Gudbrandsen på redaktørkollegaen sin leiar:

Draumen om at alle i Vestland fylke skal meine det same som bergensarane, ser ut til å ha fått fullt gjennomslag i Bergens Tidende, skriv redaktør i Firda Kai Aage Pedersen.

Men eg veit faktisk ikkje kva han snakkar om. Bergensarane er jo notorisk ueinige, om alt anna enn at det er for mykje makt samla i Oslo. Eg trur det er lett å finne meiningsfeller for det standpunktet i Førde òg.

Om ein ting har gjennomslag i Bergens Tidende, så er det tanken om at eit mangfald av meiningar skal ha plass i avisa. Det gjeld debattinnlegg, men også våre eigne kommentatorar.

Eg kan avsløre ein særs dårleg skjult løyndom: Ikkje alle hos oss er einige med det kommentator Gerd Margrete Tjeldflåt skreiv om Sogn og Fjordane Senterparti.

Når det er høglydt krangel på morgonmøtet i kommentaravdelinga, då er eg glad.

Men om Vestland fylke skal leve eller døy, er eg sikker på ein ting: Redaktørar og andre i Sogn og Fjordane må venne seg til at politiske parti får kritikk av det slaget Tjeldflåt kom med.

Det vil kome meir. Mykje meir. Det er eit løfte frå meg.

Men når det får gått litt tid, håper eg dei vil legge merke til det politikarane i Bergen veit godt: I BT er vi rause. Alle får kritikk.

Det høyrest ut som ein god idé at Firda held fram med å skrive om Sogn og Fjordane. Eg kan avsløre at BT vil halde fram med å skrive om Bergen også. Og om dei store sakene i heile Vestland.

Sjølv om regionreforma er mislykka (ja, vi er heilt på linje der), har fylket blitt større og mektigare. Vi følger derfor fylkespolitikken tettare no enn før. Det inneber også meir debatt om korleis politikarane i Vestland brukar makta si.

Eg trur vi fort kan ende opp med å le av Sogn og Fjordane på eit morgonmøte i BT, slik Pedersen fryktar. Det har vore nok å le av i regionreforma. Vi ler mykje av Bergen, og eg håper verkeleg de i Firda gjer det same. Det handlar både om kjærleik og om å overleve.

Men kva bør vikalle området som fylkeskommunen Sogn og Fjordane omfatta? Sogn og Fjordane er eit godt alternativ nokre gonger. Ikkje minst når det gjeld valdistriktet Sogn og Fjordane, som eg er tilhengar av at blir halde oppe. I BT trur eg det ofte er ein fordel om vi bruker meir presise stadnamn enn vi har vore vane med, for eksempel når vi skal forklare kvar ulven Lucky held til. Omgrep som «nord for Sognefjorden» er ikkje eit uttrykk for imperialisme, men for eit ønske om at dei som les skal forstå kvar den ulven et sau.

Til slutt: Eg håper verkeleg ikkje dei mest geniale folka på Vestlandet no er samla i Mediebyen i Bergen. Då går det oss alle ille.

Artikkeltags