- Dette er ein hyggeleg milepæl

Endeleg er det gjennomslag i Økslandstunnelen.

Endeleg er det gjennomslag i Økslandstunnelen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Etterlengta gjennomslag

DEL

Etter over tre månader med arbeid, kom endeleg gjennomslaget i Økslandstunnelen.

– Dette er ein hyggeleg milepæl i arbeidet og syner at vi er i rute med bygginga og opprustinga av E39 gjennom Gaular, seier Svein Reidar Dale, prosjektleiar i Statens vegvesen.

– Krevjande arbeid

Arbeidet med sjølve tunneldrivinga starta i september. Den siste ordinære tunnelsalva på drivinga frå nord gjekk før jul. Etter nyttår har arbeidet gått føre seg på sørenden av tunnelen med forskjeringa av tunnelinnslaget.

– Årsaka til at det ikkje har vore gjennomslag tidlegare, er at det har vore eit svært krevjande arbeid. Det har gått bra, men har tatt lengre tid enn førespegla, seier Dale om dei 3,5 månadane arbeidet har tatt.

Full aktivitet

Tysdag ettermiddag kom forskjeringa så langt at ein fekk gjennomslag i arbeidet der om lag 20 personar har vore i full sving. 

– No er det full aktivitet på anlegget. Vi har frist til at alt skal stå klart innan 15 november, for då skal elektro inn og montere lys og alt anna teknisk som skal vere på plass i ein tunnel, seier prosjektleiaren til Firda.

Dale fortel at entreprenøren no skal legge røyr og at vatn- og frostsikring skal på plass i tunnelen.

Ferdig sommaren 2016

Sommaren 2016 skal heile veganlegget som no er under bygging, stå klart.

Den 760 meter lange Økslandstunnelen vil erstatte den smale og svingete vegen som går langs Økslandsvatnet. 

Artikkeltags