Ferie og fri ferdsel på E39 Bjørset-Skei frå neste veke

I MÅL: Frå og med neste veke er det fri ferdsel på E39 Bjørset-Skei. Det gjenstår berre litt finpuss.

I MÅL: Frå og med neste veke er det fri ferdsel på E39 Bjørset-Skei. Det gjenstår berre litt finpuss.

– Når vi kjem til helga skal det vere 80 km/t og ingen hindringar mellom Bjørset og Skei, lovar byggjeleiar Jan Bjarne Thorsnes til Statens vegvesen.

DEL

E39 vart ferdig asfaltert før helga. I løpet av dei neste dagane skal oppmerkinga på plass, og så står det att ein siste rest av rekkverk, fortel Jan Bjarne Thorsnes til Statens vegvesen.

Frå veke 29 og tre veker framover blir det ferie på anlegget. Innan då skal mesteparten av gang- og sykkelvegen ha fått dekke, og krysset til Årdal i aust skal opnast.

– Vi er i sluttfasen, men ein del arbeid står att før anlegget tek ferie i veke 29, 30 og 31. Alt arbeid som krev lysregulering og stans i trafikken skal vere ferdig innan då, seier Thorsnes.

Arbeidet med opprusting av den elleve kilometer lange vegstrekninga starta i mars 2017. No nærmar det seg slutten. 26. august skal Jon Georg Dale offisielt opne nye E39. Etter ferien er det litt arbeid som står igjen før den nye vegen blir opna.

– Etter ferien skal det berre stå att litt finpuss i vegkantane, seier Thorsnes.

Artikkeltags