Vegtrafikksentralen melder tidleg søndag ettermiddag at E39 ved Kongenestunnelen ved Hornindalsvatnet er stengd.

Årsaka er rydding av fleire tre som har velta over vegbana. Vegvesenet tilrår omkøyring via rv. 651 og ferjesambandet Folkestad–Volda.

Klokka 12.30 melde Vegtrafikksentralen at vegen ville vere stengd i to–tre timar.

Klokka 14.30 melder Vegtrafikksentralen at vegen er forventa å opne mellom klokka 18 og 19 søndag kveld.

Og så, litt før klokka 18, melder Vegvesenet at entreprenør håpar å opne vegen med signalregulering klokka 22 i kveld. I morgon tidleg vil det bli manuell dirigering på staden medan oppryddinga pågår.