Torsdag har regjeringspartia blitt einige med Venstre og Pasientfokus om grunnrenteskatt på havbruk, melder E24.

Forslaget bygger på forslaget som er lagt fram av regjeringa, men med følgande endringar:

  • Den effektive skattesatsen blir redusert frå 35 til 25 prosent.
  • Verdsetjingsrabatt i formuesskatten blir auka frå 50 til 75 prosent.
  • Vertskommunane og -fylka blir sikra ei høgare inntekt frå Havbruksfondet for 2023.
  • I tillegg blir det fremja fleire forslag for å styrke miljøprofilen og bidra til teknologiutvikling.

Fleirtalet inneber at partia vil fremje eit felles forslag til behandlinga av saka i Stortinget 31. mai.

– Etter ein lang prosess sikrar vi no at Stortinget vedtek prinsippet om grunnrente i havbruk. Avtalepartane sikrar også fleirtal for ein skattesats på 25 prosent og ein auke i rabatten på formuesskatteverdien for oppdrettskonsesjonar til 75 prosent, seier saksordførar Geir Pollestad (Sp) i ei pressemelding.