I går, torsdag 29. september, sende straumselskapet Tibber ein e-post til sine kundar om at dei fekk endra faktureringsperiode, og at endringa gjeld frå 1. oktober. Altså berre to dagar seinare.

Det er ikkje lov, seier Forbrukartilsynet til E24.

– Forbrukartilsynet har gjort det klart overfor Tibber at dei har brote lova ved å varsle ei endring av sine vilkår, frå etterskotsfakturering til forskotsfakturering, fordi dei har gitt kundane mindre enn 14 dagars varsel, skriv seksjonssjef Tonje Drevland i Forbrukartilsynet til E24.

Dagleg leiar Edgeir Aksnes i Tibber stadfestar overfor E24 at dei har hatt ein konstruktiv dialog med Forbrukartilsynet om saka. Dei skal også sende ut ein forklarande e-post til kundane sine fredag der dei skal opplyse kva grep ein kan ta.

Tibber-kundane kan endre forfallsdatoen inntil den 25. i månaden, skriv Tibber i eposten dei sende til kundane sine torsdag. Då endrar du også forfallsdato for framtidige fakturaar.

Du får også høve til å utsette betaling i 30 dagar kostnadsfritt. Det er også mogleg, skriv Tibber i e-posten til kundane sine, å dele opp fakturaen «via ein ekstern betalingspartnar». Denne løysinga blir tilgjengeleg i appen før forfallsdato på fakturaen.