Gå til sidens hovedinnhold

E16 Gudvanga-tunnelen er opna att

Artikkelen er over 1 år gammel

Tunnelen stengde grunna uhell – blei kjapt fiksa.

– Vi fekk melding om uhellet klokka 1815, seier trafikkoperatør Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han fortel at det er den eine høgdebegrensingsmarkøren som heng ned i opninga i Gudvangatunnelen på E16 som nokon no har vore borti.

Desse markerer at tunnelopninga er 4,20 meter, og skal vere med på å motverke at store køyretøy ikkje tek opp i og øydelegg vifter, lamper eller det elektriske anlegget i tunnelen.

– Nokon har nok vore bort i denne, slik at den har falle ned 40 cm på den eine sida, seier Molvær, som førebels ikkje veit kven som står bak uhellet.

Under ein time etter at uhellet skjedde, er tunnelen no opna att.

– Tunnelen er under oppgradering, og arbeidarane som skulle byrja på nattskiftet klokka 20 var alt komne i tunnelen. Så dei har ordna det, seier Molvær.

Kommentarer til denne saken