E 39-trafikk nordover må køyre via Svelgen

OMKØYRING: Den raude streken markerer E39. Den blå streken viser omkøyringsruta via Svelgen og Stårheim - Isane.

OMKØYRING: Den raude streken markerer E39. Den blå streken viser omkøyringsruta via Svelgen og Stårheim - Isane. Foto:

Raset i Våtedalen fører til ein kronglete omveg for vegfarande på E39.

DEL

Eedalen er stengt på ubestemt tid etter at eit stort snøras gjekk over vegen i kveld. Området blir førebels sett på som så rasfarleg at det blir ikkje gjort søk i området. Heile Våtedalen er avsperra for trafikk.

Varsom.no melde i dag oransje farevarsel (det nest høgaste) for snøskred i indre Sunnfjord og Nordfjord, men i morgon er varselet raudt (høgste nivå). Dermed kan det ta lang tid før E39 gjennom Våtedalen blir rydda og opna att.

I mellomtida rår Vegtrafikksentralen reisande til å køyre om Svelgen og ferjesambandet Stårheim - Isane.

Skal du frå Førde til Nordfjordeid betyr det ifølge Gule sider sitt køyrerutekart 31 km ekstra veg, men på noko dårlegare vegar, og over eit ferjesamband med avgrensa kapasitet.

Ein kan rett nok også køyre via Eikefjord og Hyen, men folk Firda har snakka med reknar den vegen for å vere rasfarleg i det vêret som er no, og vegen frå Eikefjord til Hyen er smal og svingete, og egnar seg veldig dårleg for tungtrafikk.



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken