Sjå kva som skjer når Frost (6) finn snø på fjellet

Artikkelen er over 5 år gammel

Er du lei av snø på fjellet i juli månad? Det er ikkje Frost.

DEL

– Ho er ein snøelskar av dimensjonar, seier eigar Anne-Cecilie Kapstad.

Sjå kva Frost gjer når ho finn snø på fjellet!

Då Kapstad og Frost Zeppelin var på tur på Vardefjellet på Helgheim i Jølster onsdag, var ho rask med å finne fram telefonen så ho kunne filme hunden.

– Når ho ser ein snøflekk drar ho det ho kan. Då må vi opp til snøen og så ligg ho alltid slik. Når ho går fritt brukar ho fjellsida som rutsjebane og får ganske stor fart, fortel Kapstad.

Golden retrieveren er fødd ein kald desemberdag. Derav namnet Frost Zeppelin.

– Ho lever opp til namnet, humrar eigaren.

Frost er for øvrig glad i å glad i å rulle seg i det meste.

– Ho er ein badeglad hund og likar dessutan å rulle seg i møk til dømes. Så snø er for så vidt betre, seier Kapstad med ein latter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken