Petter (82) redda katten Petra

Artikkelen er over 5 år gammel

Petter tok seg av Petra, men måtte ha hjelp då katten plutseleg fekk fem små kattungar.

DEL

– Kjenner ho meg att? spør Petter Gåsøy (82) frå Kalvåg.

Han har reist i fleire timar for å besøke kattemora  han hjelpte, men som han måtte gi frå seg då han fann ut ho var drektig med kattungar. Han lyser opp av glede når han ser dei søte små og den fornøgde kattemora.

Sjå video av møtet mellom Petter og dei søte små, øvst i saka.

– Ho har aldri lege så stille og avslappa med ungane når nokon har vore på besøk, så det trur eg nok, seier Unn Vatsø, engasjert katteeigar og tidlegare aktiv i Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Til Førde på besøk

Fredag kom Petter til Førde for å besøke katten han har blitt så glad i og kattungane, som no er tre veker gamle. Han kom med båt frå Kalvåg til Florø, og deretter med buss til Førde der Vatsø henta han.

– Petter har ringt meg mange gonger i desse vekene, for å høyre at Petra og hennar fem små har det bra. Eg har vore aktiv med dyrevern i meir enn 20 år, men dette har eg aldri opplevd før. Petter kan gjerne vere kry av denne katten, for ho er heilt spesiell god, seier Vatsø.

Bad om hjelp

Unn Vatsø vert framleis kontakta av folk som treng hjelp med eigarlause kattar. Ein av dei var «Petter i Gåsøynene» frå Kalvåg. Han hadde tatt seg av ein katt som kom til han i fjor sommar, og etter å ha snakka med dei fleste i Kalvåg fann han framleis ikkje ut kven som eigde den.

– Eg byrja å sjå katten reke rundt huset. Ho såg ut til å bli meir og meir spak. Eg gav ho mat på trappa, og katten flytta inn. Eg ringde til Unn og fortalde at ein katt hadde flytta inn. Då ho litt seinare kom på besøk, såg ho at katten var drektig, fortel Petter.

– Rett før påske såg eg innom Petter i Kalvåg. Der låg ein høgdrektig katt og kosa seg, og Petter kvidde seg til småbarnsstell, han er ein eldre kar som har passert 80. Eg tok katten med meg til Førde og bad Dyrebeskyttelsen om hjelp, seier Unn.

Aldri sett før

26. mars kom fem friske kattungar til verda og katten som har fått namnet Petra etter matfar sin, kosa seg med sine små. Unn seier ho har styrt med kattar i over 30 år og har aldri sett ei så velfødd kattemor med flotte kattungar som Petra og dei fem små.

– Dei har fått ein god start i livet, med all den gode maten og stellet ho fekk hos Petter då ho gjekk med dei i magen. Det er fantastisk det han har gjort, og han har verkeleg oppfylt hjelpeplikta si. Alle som kjem utfor eit hjelpelaust dyr har plikt med å gjere noko med det, seier Vatsø.

Ein god katte-ambassadør

Det har tidlegare vore eit villkattproblem i Kalvåg og då har Petter alltid vore til god hjelp.

– Hadde han ikkje tatt inn Petra hadde vi hatt fem ville kattar i Kalvågen no, og dei overlever ikkje lenge. Gjennomsnittsalderen på villkattar er på 3,4 år, medan ein huskatt kan leve i 15-20 år. Alle kattar som er meir enn seks månader gamle må steriliserast. Petter har alltid vore ein god ambassadør for å få folk til å sterilisere kattane sine og skaffe god mat, seier Vatsø.

Treng ein mellombels heim

No har Vatsø tatt over og kattane bur i den vesle hytta ho har i hagen. Om åtte veker kan Petra få komme heim til Kalvåg med Petter, og ungane vert tinga vekk gjennom Dyrebeskyttelsen. Men fram til då treng Petra og ungane ein ny heim. Hytta vil nemleg ikkje vere stor nok når ungane vert litt større.

– Eg kan ikkje redde alle kattar, men om eg kan hjelpe til kan eg ikkje seie nei. Men no vert dei snart så store at dei treng meir plass, og eg kan ikkje ha dei i huset mitt. Der har eg ein hokatt sjølv, og Petra vil ikkje akseptere andre kattar i nærleik av borna sine. Då vert det kattekamp, seier ho.

Dei som vil ta seg av Petra og ungane fram til midten av juni, vil få dekt alle kostnadene av Dyrebeskyttelsen.

– Det er ikkje alle som kan ta i mot dyr frå Dyrebeskyttelsen. Du kan ikkje vere ungdom i utdanning, bu i blokk, eller bu ved ein traffikert motorveg, fortel Vatsø.

Får komme heim snart

Viss han vil, får Petter ta med seg katten Petra tilbake til Kalvågen når kattungane «flyttar heimanfrå», om to månadar.

– Eg vil gjerne ha ho med heim igjen. Eg har ein stor hage, har mykje god fisk, og så har eg ein sånn god stressless i stova der katten likar å ligge på fanget, seier Petter.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken