Vårsola lokka ormen fram

Arne Kleiva var på jakt etter det beste utsiktsbildet då han nærast snubla over hoggormen og fanga han på film. Video: Arne Kleiva

Artikkelen er over 5 år gammel

Arne Kleiva var på jakt etter det beste utsiktsbildet då han nærast snubla over hoggormen og fanga han på film.

DEL

– Dei er litt ekle og litt pene på same tid, seier Arne Kleiva om det mønstrete krypdyret.

Onsdag gjekk han, saman med tre andre,  tur langs Solsidevegen i Naustdal.  På eit av dei finaste utsiktspunkta tok følget ein pause. Kleiva ville ta eit bilete og gav seg ned over terrenget for å få eit anna utsyn enn frå vegen.

– Vi var vel komen ti meter nedover då vi nesten trakka i dei. Vi såg tre ormar på same staden, og den største er den du ser på filmen.

Kleiva var ikkje redd, og trur heller ikkje ormen var det.

– Ormen var dorsk, nesten litt arogant, der han åla seg framover. Han sturderte oss ei lita stund, før han for under ein stubbe.

Kleiva kan tenkje seg at det er eit ormebol i nærleiken, og at det var vårsola som lokka dei ut for å varme seg.

Hoggorm er freda i Noreg og skal vere i fred.

– Men det kan vel tenkast at det vert litt mange? Med det museeåret vi har hatt skulle det i allefall vere nok mat, seier Kleiva.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken