I natt beviste Niro at chihuahuaar òg kan vere tøffe

Gleda var stor då Niro var attende i armane til Tone Hårklau.

Gleda var stor då Niro var attende i armane til Tone Hårklau. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Og eigaren fekk sjå korleis nærmiljøet trør til for å hjelpe når det trengst. – Eg er så takknemleg, seier Tone Hårklau.

DEL

– Eg kan ikkje beskrive kva eg følte då eg heldt han inntil meg i teppet. Det var ein sånn enorm glede, seier Tone Hårklau.

Søndag henta ho og sambuaren den eit år og tre månader gamle chihuahuaen Niro, i Knarvik. Den nye familiemedlemmen kom til heilt andre forhold enn kva han var vand med i Hordaland.

– Han var ein bygut, og hadde ikkje landlege vanar endå. Men det har han fått no – brått og brutalt, fortel Tone.

Som nåla i høystakken

For allereie før Niro fekk inntatt sin første frukost i sin nye heim på Solheim i Naustdal, forsvann han. Tone var livredd for at han skulle gå ut åleine i det ulendte terrenget med skog og snø, og passa godt på. Likevel, då ho skulle ut med bosset måndag morgon mens det framleis vart mørkt ute, klarte Niro å smette ut døra nesten før Tone hadde opna den.

Ho byrja med det same å leite i nærområdet. Ho spurde naboar, men ingen hadde sett Niro. Klokka ni om morgonen ringe ho politiet, som så etterlyste hunden. Ho bad og om at dei sende ut ein ettersøkshund, men dessverre hadde ikkje politiet moglegheit til å bidra med dette.

– Det var jo som å leite etter nåla i høystakken. Han er jo så liten, og det er fullt av snø og holer her. Det verka heilt umogleg å skulle finne han utan nokon som kunne lukte seg fram til han.

Då blei folk frå nærområde redninga. Ein nabo hadde ein hund som var vand med å gå etter spor, men i regn og vind måtte han etter kvart gje seg utan funn. Ein ny nabo bidrog med ein ny hund. Også ein til.

Totalt var fem hundar ute og leita etter Niro måndag, utan hell. I tillegg til naboar, deltok også folk frå Dalen og frå Naustdal sentrum i leitinga etter den nye sambygdingen.

Redd han ikkje skulle overleve

Mørket kom, og klokka blei ni på kvelden. Etter å ha leita etter Niro sidan klokka halv sju om morgonen, hadde ikkje Tone meir krefter.

– Vi ville jo ikkje at natta skulle komme utan at vi fann han. Eg var livredd for han. Det er rev i området, og eg tenkte han var eit lett bytte. Og toler han kulden? tenkte eg. Dei seier jo at chihuahuaar ikkje gjer det. Eg var redd han ikkje kom til å overleve.

Likevel såg dei seg nøydde til å ta kvelden, og å ta opp att leitinga morgonen etter. Fleire folk, og fleire hundar, deltok. I 11-tida fekk to av damene som var med å leite, kontakt med eit eldre ektepar på ein gard nokre kilometer unna. Dei kunne fortelje at dei hadde sett ein liten hund kvelden før, og seinast for ein halvtime sidan. Det blei det nye utgangspunktet for leitinga. To timar seinare fann dei han.

– Han sat under eit tre og skalv, fortel Tone som måtte bruke lang tid på å lokke han med mat og teppe før ho hadde han i armane sine.

– Det var ei ubeskriveleg kjensle då eg fekk han inn i teppet og heldt han inntil meg, og han ikkje var skada. Han var akkurat like fin som då han forsvann morgonen før, seier ho kjærleg.

Liten men tøff

– Vi undervurderer chihuahuaane, men no har han her synt kva han kan tole, og at chihuahuaar kan vere tøffe dei og, fastslår Tone etter å ha fått den nye familiemedlemmen tilbake etter over eit døgn.

Etter å ha flytta til området for rundt eit halvt år sidan, er ho enormt takknemleg for den innsatsen folk har gjort for å hjelpe ho.

– Eg må takke alle! Ein ser i ein slik situasjon kor viktig det er at ein hjelper kvarandre.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken