Han lurer geitene sine

Geitemjølk aukar i popularitet. Men mykje sjukdom har gjort at mange bestandar og fjøsar har har hatt behov for fullstendig sanering. Vidar Sandal på Breim har teke konsekvensen av dette og investert i heilt ny flokk og fjøs. I denne videoen kan du sjå korleis 120 geiter får for.

Artikkelen er over 5 år gammel

Geitebonden Vidar Sandal skal snu kjeinga slik at det blir geitemjølk og ost heile året.

DEL

I dei fleste av geitefjøsane kringom er det i desse dagar mange småkje som har komme til verda. Men ikkje hjå Vidar Sandal.

– Eg vil prøve å snu flokken slik at kjeinga kjem i september-oktober i staden, seier Sandal. Tidlegare har han brukt så mykje som sju år på dette, i år vil han prøve å lure naturen på berre eitt år.

Mange vil ha ost

Ifølge geitebonden er etterspurnaden etter geitemjølk og geiteost aukande, og dette har fått TINE til å be han om å utsette kjeiinga på flokken sin slik at det vert ein jamn tilgang på geitemjølk gjennom året.

– Ein del som er allergiske mot kumjølk, toler geitemjølk, fortel Sandal, om den auka etterspurnaden.

På naturmetoden

Heilt beinkløyvt er det likevel ikkje å skulle lure naturen.

– Det er ikkje berre å trykke på knappar. Det er med dyr vi har å gjere. Og vi ønsker ikkje å bruke noko slags hormonbehandling på dyra for å få brunst på dei på anna tid på året. Vi valde å bruke påverking på naturmetoden.

For å lukkast med prosjektet, har Sandal «Bukkane Bruse» eller rettare sagt «2013401» og «2013402», i ein bås oppe i 2. etasjen i fjøsen. Der skal dei stå i tre-fire månader i førevegen av paringa. Også geitene er delt inn i puljer.

– Og den dagen ein vel å ha brunst på dyra, så blandar ein samar geitene. Dette skapar ein uro i flokken. Samtid kjem bukkane, som ikkje er bestekompisar, inn att i flokken. Dette skapar også uro i flokken. Dette blir ei slags påverking, som eg har funne ut at er ein av dei sikre måtane å få påverka på, seier Sandal som har god tru på at han skal lukkast.

«Mjølkebar for kjea»

Sandal har også investert i ny fjøs for å møte framtida.

– Vi har sanert fjøsen. Det er det er same skalet på utsida, men alt inni er nytt. Då eg byrja som geitebonde om 19-åring for 24 år sidan, var det 1290 geitebønder. No er vi berre 290 att i heile Norges land. Men sjølv om miljøet er mykje mindre, produserer vi om lag like mykje mjølk, fortel Sandal, som også har fått ein ny «mjølkebar» for kjea sine med den nye teknologien i fjøsen.

– No kan dei kan drikke lunka mjølk når dei vil, og dette gjer at dei får større tilvekst, seier ein godt nøgd Vidar Sandal.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken