Høglydte elskarar fanga på film

Du skal ikkje sove bort sumarnatta. Det gjorde heller ikkje Hanne Lid som natt til søndag høyrde grynting og krafsing i hagen. Der fann ho to stikkande, men koselege vener.

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Hanne Lid skulle til å ta kvelden då ho plutseleg høyrde nokre høge lydar som var så merkelege og ukjente at ho måtte ut i hagen i Eikefjord og sjekke kva rabalderet kom frå.

Det ho der fekk auge på hadde ho aldri sett før. Rett utanfor vindauget var nemleg to piggsvin i full sving i ei hyrdestund, og dei såg ikkje ut til å la seg sjenere av ein tilskodar.

Hyggeleg besøk

– Dei var ganske høglydte desse to! Eg sprang inn og henta mobilen for å filme dei, fortel Lid som synest det var hyggeleg å sjå at det er liv i bestanden.

Og ikkje var dei berre høglydte under akta, dei var og veldig uthaldande under den intense akta.

– Hannen var veldig iherdig og bora nasen si ned i piggane hennar mens dei heldt på - og dei heldt på i nokre timar.

Nok var nok

Ifølge Lid var det tydeleg at det var hannen som hadde kontrollen, heilt til hyggestunda tok slutt ved ein manøver som stadfesta kven som var den eigentlege sjefen.

For då hoa bestemte seg for at nok var nok var det lite hannen kunne gjere uansett kor lysten han var.

– Ho krølla seg saman med piggane ut og gjorde det heilt klart at ho ikkje ville ha meir med han å gjere, seier Lid og ler.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken