Kongeørn mot to havørner – kampen om matfatet held fram

Artikkelen er over 5 år gammel

Fotografen har gjort det igjen. Sjå slagsmålet ved matfatet.

DEL

Du hugsar kanskje ørna som jaga reven vekk frå matfatet. No har Jan Lars Nesje frå Stryn gjort det igjen. På viltkameraet har han fanga klipp som viser ei kongeørn som angrip to havørner på eit hjortekadaver.

– Det er veldig uvanleg at ein kongeørn går til angrep på havørner. Det må vere ei ung ørn som yppar, det er rått parti, seier fotografen.

Mindre ørn tar storørn

For ordens skuld: Kongeørna er vår nest største rovfugl, etter havørna. Ifølge Store norske leksikon har hofuglen eit vengespenn på opptil 2,24 meter og største kjende norske vekt er 6670 gram.

Til samanlikning kan havørna ha eit vengespenn opptil 2,65 meter og største kjente vekt er 6850 gram. Ifølge leksikonet er havørna likevel mindre aggressiv enn kongeørna.

– Det er veldig artig. Det som er spesielt er at kongeørna angrip. Hadde det vore omvendt, hadde det ikkje vore noko, kommenterer fotografen.

– Kan bli hakkemat sjølv

Men kongeørna måtte gi opp.

– Ho prøvar seg no, men ho må komme seg derifrå elles risikerer ho å bli hakkemat sjølv, meiner Nesje.

Han har gjort videoen om til slow motion på slutten, for at ein lettare skal få med seg kva som skjer.

– Det går veldig fort. Eg måtte studere videoen ei stund før eg såg kva som skjedde.

Jaktar unike bilde

Det har vore mange hjortepåkøyrslar i Stryn i vinter. Hjorten på videoen var påkøyrd og Nesje la den ut ved viltkameraet.  Kameraet har stått ute i heile vinter. Målet er å få unike bilde og filmar.

– Og å sjå kva som rører seg i naturen, om det kjem ein ulv eller ein bjørn, ler Nesje.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken