70 kattar treng ein stad å bu – ventelistene er lange

TRENG NY HEIM: Sju av kattane Dyrebeskyttelsen har fått inn nyleg. Oppe f.v. Kattunge som er funne ute nær Askvoll, Ulf frå Ulltang, Lilly og fleire søsken blei funne i Blomsterhagen i Florø. Nede f.v. Bella Donna og Miss Sophie frå Gloppen som nyleg har fått ein kjærleg heim etter 1,5 år hos Dyrebeskyttelsen. Molly hos forvert på Brygga og t.h. Tyson som kom inn frå Sogndal i april.

TRENG NY HEIM: Sju av kattane Dyrebeskyttelsen har fått inn nyleg. Oppe f.v. Kattunge som er funne ute nær Askvoll, Ulf frå Ulltang, Lilly og fleire søsken blei funne i Blomsterhagen i Florø. Nede f.v. Bella Donna og Miss Sophie frå Gloppen som nyleg har fått ein kjærleg heim etter 1,5 år hos Dyrebeskyttelsen. Molly hos forvert på Brygga og t.h. Tyson som kom inn frå Sogndal i april. Foto:

FYLKET: I fjor hadde Dyrebeskyttelsen i fylket ein halv million i utgifter på lauskattar. – Vi har 70 kattar inne som treng ein plass å bu, og mange er på venteliste, seier Bettina Astor.

DEL

– Dyra som ikkje har ein plass å bu er mellombels hos fôrvertar og styremedlem. Kattar utgjer i snitt heile 98 prosent av desse. Vi har også nokre hundar, kaninar, fuglar og piggsvin, fortel Bettina Astor, leiar for Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane.

Ho har vore tillitsvalt i Dyrebeskyttelsen i sju år, og har lang erfaring med å ta seg av dyr som er i naud, eller som står utan eigarar.

– Vi har no inne 70 kattar som treng ein plass å bu, og mange er på venteliste. Vi forventar at talet vil doble fram mot oktober. Vi etterlyser alltid eigarar, men får sjeldan napp. Kontakt oss dersom du saknar katten din, oppmodar Astor.

– Talet kan ikkje halde fram å auke

Ho opplyser at talet på lauskattar i fylket stig jamt og trutt, men at det er langt fleire av dei no, enn det var då ho starta for sju år sidan.

– Det er fleire som vel å kastrere kattane sine, og det er lange køar på veterinærkontoret. Men det er framleis eit problem at dei kattane som ikkje blir kastrerte får veldig mange kattungar.

I slutten av september i fjor hadde Dyrebeskyttelsen heile 140 kattar å ta seg av.

– Dette er inga overdriving dessverre, sjølv om eg skulle ønske det. Grunna for mange kattar så er det nesten som om dei falle i verdi, så no må toppen vere nådd. Talet på kattar kan ikkje fortette å auke.

Blir truga

Mange er desperate etter å gje vekk kattane sine fordi dei ikkje lenger kan ta vare på dei sjølv. Dei nyttar seg ofte av hjelpetelefonen på Dyrebeskyttelsen, men det er ikkje alltid samtalane er så hyggelege.

– Det er nokre som seier at dei kjem til å skyte kattane dersom vi ikkje kjem og hentar dei, og det går så langt at dei i andre enden seier «eg veit kvar du bur».

Astor fortel at slike samtalar er spesielt tungt for dei nye aspirantane.

– Nokre har dessverre ingen grense for arroganse, og går langt over streken.

Store utgifter

Berre i Sogn og Fjordane hjelper dei opp mot 500 kattar kvart år. I 2016 hadde dei over ein halv million i utgifter på kattar, der 300 000 kroner gjekk til reine veterinær utgifter.

– Det er langt frå greitt. Dette er utgifter som kvar og ein katteeigar burde ha dekt sjølve.

Dyrebeskyttelsen i Sogn og Fjordane får midlar gjennom Norsk Tipping sin grasrotdel.

– Det er heldigvis mange som vel å støtte oss, noko som er grunnen til at det går rundt.

KATTAR: – I Dyrebeskyttelsen får vi inn andre dyr også, men det er spesielt mange kattar. Så det er der problemet ligg, seier Bettina Astor.

KATTAR: – I Dyrebeskyttelsen får vi inn andre dyr også, men det er spesielt mange kattar. Så det er der problemet ligg, seier Bettina Astor. Foto:

Vil ha politikarane på bana

Astor meiner politikarane må ta tak i katteproblemet.

– Det er 100.000 heimlause kattar i Norge. Kven ville godteke talet om det gjaldt hundar? Katteproblematikken er eit så stort og omfattande samfunnsproblem at no må politikarane og styresmaktene komme på bana. Det må bli lovpålagt kastrering og ID-merking av katt, meiner ho.

Ein anna sak Astor meina politikarane bør fokusere på er å gjere dyrevernarbeid til eit betalt yrke.

– Norge må henge seg på andre land og dekke kostnadane for å hjelpe desse dyra, ikkje berre avlive – slik systemet i praksis fungerer i dag. Det ville vore mykje meir attraktivt å hjelpe til med dyra, dersom det hadde vore lønna. Dei aller fleste er glad i dyr, og mange fleire hadde bidrege om dei fekk betalt for å redde kattar.

Artikkeltags