Folk flest er meir bekymra for dyr straum, enn høgare rente. Det viser ei ny undersøking.

I undersøkinga som YouGov har gjort for Nordea, svarer 64 prosent at utgifter til straum bekymrar mest.

– Det er ikkje usannsynleg at straumprisane blir endå høgare i månadene som kjem. At dette er ei stor bekymring for mange hushald er forståeleg, seier Derya Incedursun, forbrukarøkonom i Nordea.

Høge matutgifter, prisen på drivstoff og auka renter følgjer på plassane bak.

At straum- og matprisar bekymrar meir enn auka renter kan forklarast med at renteaukane ikkje har fått full effekt på privatøkonomien enno, seier Incedursun.

(©NPK)