Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Er kunnskap farleg? Dette spørsmålet reiser Petter Sortland retorisk i sitt innlegg i Firda 14. august.
Folk For Fjella er trygg på at Sortland veit svaret. Han kjenner motstandarane av vindkraft i fjella i Snøheia og andre stader. Han veit godt at i dette miljøet er det mange ressursfolk med stor generell samfunnskunnskap. Ingen der frykter kunnskap – tvert imot – mange av dei har brukt nesten all fritid dei siste åra på å fremja kunnskap.
Det kan framstå som Petter Sortland ønskjer å oppnå tre ting:
1) Så tvil om kunnskapsnivået og truverdet til dei som kjempar mot vindkraftplanane i Snøheia.
2) Gje inntrykk av at det er umogeleg å gjera seg opp eit velgrunna standpunkt i vindkraftsaker UTAN å gjennomføra ei konsekvensutgreiing.
3) Unngå tap av røyster og omdømme ved å måtte velja mellom JA og NEI til Snøheia.
Folk For Fjella har respekt for at det finst andre meiningar om vindkraft, også at politikarar endrar standpunkt ut frå det dei opplever som endra føresetnader i debatten, men:
Sortland har i den politiske kampen mot å rasera fjellheimen med vindindustri m.a. uttala følgjande:
· «Høyanger har lenge vært med å forsyne nasjonen med vannkraft fra anlegg i fjellene våre. Ny kraftutbygging bør skje på mindre konfliktfylte måter, og ikke ved å gå løs på de mest dyrebare skattene i fjellene på Vestlandet». (BT – 200522)
· Det handler om å ta vare på den siste resten av urørt natur i kommunen. Det er viktigere enn økonomisk kompensasjon, sier han». (13.11.20)
· – Jeg finner meg ikke i retorikken fra folk på andre siden av Langfjella, som sier at vi som bor i distriktene må tåle disse inngrepene. De mener tydeligvis at vi ikke vet vårt eget beste, men det vi ønsker er å bevare de siste urørte naturområdene våre, sier Sortland. (BT160120)
Sortland har ikkje ein einaste gong i desse intervjua føydd til at; «men sjølvsagt må me gjennomføra ei konsekvensutgreiing først, slik at me får på bordet også alle positive sider med utbygging av vindindustri. Kunnskap er vel ikkje farleg?»
Det er såleis vanskeleg å skjøna Sortland sin bastande uttale : «Å hoppe bukk over ei konsekvensutgreiing berre for at det no handlar om vindkraft ville vera eit forvaltningsmessig sjølvskot for ein kvar kommune og ein kvar lokalpolitikar».
Sortland definerer med denne uttalen alle som er klar til å seia JA eller NEI til vindindustri på land i sin kommune som utløysarar av forvaltningsmessige sjølvskot. Dette er både feil og usakleg.
Folk For Fjella viser m.a. til følgjande:
Endringar i plan- og bygningslova (pbl) vedteken juni 2023:
I dei nyleg vedtekne endringane i Plan- og bygningslova og energilova, har vindkraft fått fleire unntaksreglar. M.a. får kommunen i hovudsak berre avgjerdsmynde i høve yttergrensene til industriområdet for vindkraft, og tilkomstveg:
«detaljene avklares i konsesjon og etterfølgende detaljplan etter ENERGILOVEN» (altså styrt av NVE)
På side 40 i høyringsnotatet (130123) skriv regjeringa: «plassering av intervegar, turbinpunkter, maksimal installert effekt samla og pr. turbin, antall og dimensjonar på turbiner og andre detaljer er ikkje å anse som «overordnede arealmessige forutsetninger» og behandles derfor i konsesjonen og ikkje i områdereguleringen»
Viktige arealvurderingar og avgjerdsmynde vert då overført frå kommunestyret til konsesjonsavdelinga i NVE.
Det som ER riktig er at kommunane no kan seia nei til ein søknad om å få sett av areal til vindindustri i sin kommune.
Målet til mange av dei kommunane som kjempa fram denne lovendringa, var akkurat det - at dei skulle kunne seia NEI til vindindustri innanfor sine grenser – ut frå t.d. eit vedtak i samfunnsplanen og/eller arealplanen.
Petter Sortland freistar derimot å gje inntrykk av at kommunane MÅ seia JA til konsekvensutgreiing – noko anna vil vera prov på at ein fryktar kunnskap. Dette er feil.
I høyringsnotatet frå departementet (SAK KDD 23/304 – kap. 6.2 side 34) heiter det:
«Videre vil kommunen enten selv, eller etter innspill fra NVE, kunne avvise planinitiativet allerede i oppstartmøte med initiativtakeren».
Vidare i pbl. § 12-8 der det m.a. «Finner kommunen at et privat planinitiativ ikke bør føre frem, kan kommunen beslutte at initiativet skal stoppes».
Ingen stader står det: «Kommunane skal få rett til å seia NEI til vindkraft – ETTER at dei har gjennomført ei konsekvensutgreiing – og konkludert med at dei samfunnsøkonomiske føremonene er mindre enn dei lokale ulempene.»
Ein del politikarar, særleg i Høyanger kommune (Ap og H) ser ut til å satsa på «konsekvensutgreiingskortet» i vindkraftsaka. Dette er truleg fordi dei veit at eit JA til vindkraft i Sunnfjord- og Høyangerfjella vil vera eit dårleg salsargument i valkampen.
I samband med ein konsekvensutgreiing (KU) må politikarane i Sunnfjord og Høyanger vera klar over at:
· Stortinget ber om at KU etter plan- og bygningslova og energilova samt planprosess og konsesjonssøknad vert samkøyrt, gjerne koordinert av NVE.
· Større vekt på vilkår og avbøtande tiltak enn avslag av tiltaket.
· Energimeldinga (NOU 2023 – 3) «Meir av alt – raskere» og EU sitt fornybardirektiv.
· Dei lokale ulempene skal etter energilova vektast opp mot: «Hensynet til kraftsystem, forsyningssikkerhet og kraftbalanse og andre hensyn av nasjonal interesse knyttet til vindkraftutbygging vurderes av energimyndighetene.»
Med desse premissa, kva er oddsen for at konklusjonen av ein konsekvensutgreiing vert NEI til vindindustri i Snøheia?
Så Petter, kunnskap er ikkje farleg. Vårt nei til vindindustri i Snøheia og andre fjellområde er tufta på kunnskap nedarva gjennom generasjonar, til glede for komande generasjonar.
Hydro, Eviny og Zephyr veit godt at vegen fram til eit utbygd vindkraftanlegg er eit JA til konsekvensutgreiing. No har dei lokka ordføraren i Høyanger ut av spagaten. For Snøheia og resten av fjella i Sunnfjord og Høyanger er det dårleg nytt.
No står det att å flytta veljarane til klåre NEI-parti.