Gå til sidens hovedinnhold

Du kan gå turar og sykle utan bekymring for auka risiko for hudkreft

Fysisk aktivitet og trening utandørs aukar ikkje risikoen for melanom, eller føflekkreft, viser ein stor norsk studie. Men det er viktig å følgje solråda.

Fleire tidlegare utanlandske studiar har funne at det er ein auka risiko for melanom blant dei som er fysisk aktive. Men no viser ein norsk studie at det ikkje er ein auke blant dei som er fysisk aktive.

Fysisk trening reduserer som kjent risikoen for fleire typar kreft. Spørsmålet har vore om auka risiko for melanom hos dei aktive kan komme av at dei er meir ute og utsette for sol.

På armen

– For melanom på armane fann vi til og med at risikoen var noko redusert hos dei mest aktive, seier Flavie Perrier, som er postdoktor ved Avdeling for biostatistikk ved Institutt for medisinske basalfag ved Universitetet i Oslo.

Saman med professor Marit Veierød har ho gjennomført ein studie om kreft der 150.000 norske kvinner mellom 30 og 75 år har vore med. Kvinnene er i snitt følgt opp gjennom 18 år. Dei har mellom anna svart på kor mange minutt dei trena, gjekk tur og sykla på ulike tider av året.

I motsetning til ein del utanlandske studiar som har funne at dei mest aktive oftare vart solbrente, fann denne studien det motsette.

– Det var ein større del som ikkje vart solbrente blant dei med høgast aktivitetsnivå, samanlikna med dei mindre aktive, seier Marit Veierød.

Les også

Endeleg fekk dei arrangere Jølster maraton igjen – og det til rekordpåmelding

Solråd

Forskarane trur det kan ha påverka at vi Noreg som bur såpass langt nord, har ei anna stråling enn for dei utanlandske studiane. Deltakarane var i snitt òg noko eldre enn i andre studiar, og dei kan ha vore litt mindre aktive og det kan ha påverka kor solbrente dei var. Dei ulike studiane varierte òg litt om aktiviteten var knytt til fysisk aktivitet i fritid og arbeid.

Men det er viktig å følge Kreftforeningens solråd for å førebyggje hudkreft uansett. Det gjeld å avgrense tida i sola og unngå å bli solbrent. Ein bør bruke klede og skyggje som vern, eller rikeleg med solkrem når ein ikkje kan verne seg på annan måte.

Mest melanom

Noreg er blant dei landa i verda med mest melanom. Det er berre i Danmark og Nederland dei har høgare dødelegheit. Det er årleg 2.000 som får den typen kreft her i landet, og 300 døyr. At så mange blir ramma kjem nok av at mange nordmenn liker å sole seg om sommaren og at vi har lys hud.

– Det kjem nok av desse faktorane heller enn kor fysiske aktive vi er. Vi har kortare sommarsesongar enn ein del andre land, og vi bråsolar oss nok meir når moglegheita er der, seier Veierød.

Forskarar ønskjer å gå bort frå at ein snakkar om føflekk og heller bruke nemninga melanom. Bakgrunnen er at melanom oftare oppstår utanfor enn i ein føflekk. Føflekk har òg ein annan utsjånad enn melanom.

(©NPK)

Les også

Berre fire veker etter han starta med sykling tok David med seg to nasjonale titlar heim

Les også

Går frå Gaular IL til Arna-Bjørnar: – Rette vegen å gå for mi eiga utvikling

Kommentarer til denne saken