– Det var heilt vilt der ute.

Frivik er yrkesfiskar, og var blant dei første som reiste ut i Vadheimsfjorden etter lakserømminga i slutten av oktober. Han fortel at det kokte i fjorden dei første dagane.

Høyangringen var nemleg ikkje aleine om å hive seg rundt etter meldinga.

Folk kom frå alle kantar, og det var fisk nok til alle. Ja, før dei forsvann då, seier han.

Stussa på sjukdommane

Etter to lange dagar i fjorden, der Frivik drog garn frå morgon til kveld, begynte det å minke på fisk i fjorden. Arbeidet med lakserømminga er for lengst over for fiskaren.

I etterkant har det blitt stadfesta at 35.000 laks kom seg ut av anlegget. Frivik anslår at 1700 av desse hamna i fangsten hans. Sjølv om også andre fiskarar i fjorden hanka inn store mengder, har truleg 23.000 laks komme seg unna.

Tidlegare denne veka vart det påvist tre ulike sjukdommar på fisken som rømte frå anlegget.

– Som yrkesfiskar, kva tenker du om situasjonen?

– Skal eg vere ærleg, så stussa eg litt på dette med sjukdommane. Dei fiskane eg drog opp, såg fine og friske ut. Eg beit meg ikkje merke i noko spesielt, seier Frivik.

Korleis kan dette påverke villaksen?

– Vi har jo sett sjukdom på rømt fisk før. Fleire faktorar, som om det er kjønnsmoden fisk eller ikkje, spelar inn. Men eg vil ikkje uttale meg for bastant om akkurat det. Dette med sjukdommar er ikkje eit område eg har mykje kompetanse på, seier Frivik.

Alvorleg at det er ei massiv rømming

Ein person som har kompetanse innan dette feltet, er Bjørn Olav Kvamme, forskingssjef for gruppa Smittespreiing og sjukdom ved Havforskningsinstituttet.

Firda stiller han det same spørsmålet: Korleis vil rømminga kunne påverke villaksen, og kor alvorleg er det?

– Det vi ser no er ei massiv rømming, som i seg sjølv er alvorleg. At det i tillegg skjer på hausten, aukar potensialet for at det får konsekvensar, seier Kvamme.

Årsaka er at fisken på hausten kan gå opp i elvene og spreie smitte der, spesielt til ungfisk. Yngel er meir utsett for smitte og sjukdom enn vaksen fisk. Likevel er ikkje forskaren spesielt uroa, men strekar under at det er vanskeleg å bedømme situasjonen basert på den informasjonen han har no.

Viss laksen som har rømt berre er smitteberande, ikkje i ein aktiv sjukdomstilstand, er det mindre sjanse for at sjukdommane vil flytte seg til villaksen.

– Avgrensa fare for spreiing

Kvamme og kollegaene hans driv med overvaking av, og forsking på fisk. Som eit ledd i denne forskinga, har Havforskingsinstituttet ei fiskefelle i Etneelva: Ei 40 meter brei flyteristfelle, som dekker tverrsnittet av elva.

Her får dei informasjon som gjer det mogleg å forske på nettopp kva som skjer når rømt oppdrettslaks kjem inn i same område som villaksen.

– Vår tolking er at det normalt sett er avgrensa fare for smittespreiing frå oppdrettslaks til villaks, seier Kvamme.

Forskaren legg til at det likevel er vanskeleg å seie om dette vil vere gjeldande no. Så store rømmingar er ikkje ein normal situasjon.

Vanlege sjukdommar

Sjukdommane som er funne på rømmingane frå Vadheim er Pankreas sjukdom (PD, SAV), hjarte- og skjelettmuskelbetennelse (HSMB, PRV) og hjartesprekk (CMS, PMCV).

Forskingssjefen seier at desse sjukdommane er godt kjende blant oppdrettslaks på Vestlandet. Ved andre rømmingar, har forskarane undersøkt i kor stor grad villaksen får sjukdommane dei blir eksponerte for.

I tillegg til å gjere undersøkingar av den rømte fisken, har dei henta ut fisk frå elvene for å sjå korleis ein smittesituasjon ville vere når fisken vart plassert i eit avgrensa område. Det gjorde dei ved å hente ut sjuk oppdrettslaks og frisk villaks for så å plassere dei saman.

Resultata tyder på at sjølv ikkje då var smittespreiinga stor. Dette såg dei også i kontrollerte eksperiment gjort av forskingsgruppa.

– Det vi ser er at viss fisken er nysmitta og har aktive utbrot, er dei meir smittsame. Men viss dei har gjennomgått infeksjonsfasen i oppdrettsanlegget, ser det ut som at dei er mindre farlege for villaksen, seier Kvamme.

Treng ikkje uroe deg for å ete laksen

Noregs Jeger- og Fiskeforbund og Universitetet i Bergen har analysert prøver frå meir enn hundre oppdrettslaks frå Vadheim, og det er dei som har påvist dei tre ulike sjukdommane.

Kvamme seier at for han er det per no vanskeleg å gi eit klart svar på kor alvorleg denne lakserømminga er for villaksen i området, sidan han ikkje har tilgang til analysane som er gjort. Mellom anna veit han ikkje om fisken har aktiv infeksjon eller ikkje, og om det er kjønnsmoden fisk.

– Derfor kan eg berre vise til kva som gjeld generelt. Men sjølvsagt med atterhald: Det kan vere svikt i vår forsking, om det er på utstyr, tolking, eller noko så enkelt som at vi ikkje har høve til å overvake all fisk, heile tida.

– Vil desse sjukdommane ha noko å seie for dei som skal ete laksen?

– Nei, desse sjukdommane utgjer ingen fare for menneske. Dei som har fiska av oppdrettslaksen frå Vadheim skal ikkje uroe seg. Et fisken med godt samvit, seier Kvamme.