Gulen kommune innfører kokevarsel på vatn i delar av kommunen. Dette melder dei på Facebook-sida si.

Årsaka er eit driftsproblem ved Eivindvik vassverk og kommunen er usikker på vasskvaliteten.

Dei anbefaler at alle knytt til vassverket kokar vatn til drikke og matlaging som eit førebyggande tiltak.

– Vi beklagar ulempene dette medfører, skriv kommunen.