Dragkampen mot nedlegging av industri og landbruk

TAUTREKKING: Einar Rysjedal i Raudt meiner fleire vil trekke i den raude enden av tauet når dei ser korleis høgrekreftene øydelegg for til dømes lokal verdiskaping ved aluminiumsverket i Høyanger.

TAUTREKKING: Einar Rysjedal i Raudt meiner fleire vil trekke i den raude enden av tauet når dei ser korleis høgrekreftene øydelegg for til dømes lokal verdiskaping ved aluminiumsverket i Høyanger. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Arbeidsplassane i den kraftkrevjande industrien har fått ein ny trussel mot seg som rammar Høyanger, Svelgen og Årdal. Det er den auka nettleiga som er framprovosert av mellom anna politiske vedtak og profitt-tenking i kraftbransjen. Dei underliggjande politiske problema er dei økonomiske kostnadane med krafteksportkablar, monsterlinjer, elektrifisering av olje-/gassektoren og vindkraftutbygginga.

Vindkraft vil vi ikkje ha meir av fordi det allereie er øydelagt nok natur, miljø, friluftsliv og allemannsrett. Elektrifisering av olje- og gassutvinninga har ingen miljøeffekt – den einaste forskjellen er at oljen og gassen blir brukt og brend i utlandet. Utsleppa blir dermed flytta ut av norsk miljørekneskap.

Alt dette har kosta pengar, og rekninga er send til distrikta, men også til forbrukarane og arbeidsplassane, der dei minste er dei som får mest problem med rekninga. Hydro Høyanger er det minste aluminiumsverket i landet, og kostnaden med auka nettleige er meir drepande her enn på det mange gongar så store aluminiumsverket på Sunndalsøra.

Men sentralstyresmaktene og eit høgreorientert stortingsfleirtal sine feildisponeringar stoppar ikkje her. Samferdsleinvesteringane er snart dobla i forhold til nivået under Ap, Sp og SV. Det kunne ein ha gleda seg stort over, dersom pengane hadde gått til rassikring og utbetring av kommunikasjonane i distrikta, men slik er det ikkje. Det vil til dømes ta fleire tiår før dei mest utsette vegstrekningane i Sogn og Fjordane er gjort noko med.

Raudt meiner at det som i staden for må til, er at verdiskapinga og samfunnskapitalen blir styrt i retning gjenreist industrialisering og gjenreist jordbruk. Gjenreising av industrien er for oss først og fremst auka foredling av råvarer, anten det er snakk om fisk, landbruksprodukt (mat og skog) eller metall. Gjenreising av jordbruket er arbeid for auka sjølvberging, gjennom ei utnytting av utmarksressursar som elles berre gror til.

Vi er sikre på at mange er einige med oss i desse synspunkta, men stiller det naturlege spørsmålet: Er det mogleg? Svaret er nei med det stortingsfleirtalet vi har no. Dette må endrast på ved stortingsvalet i september om eit års tid. Raudt ligg an til å bli langt større enn «berre» Moxnes, nå stadig fleire har sett kor viktig det er med eit parti som trekkjer i den raude enden av tauet. Der ligg den største forskjellen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken