Mann i 20-åra hadde 35.952 bilde og 1991 videoar av overgrep mot born

DOM: Politiet beslagla tre datamaskiner med overgrepsmateriale. No er mannen dømd til 10 månader i fengsel.

DEL

På PC-en til mann i slutten av 20-åra, frå Sogn og Fjordane, fann politiet 35.952 bilde og 1991 videoar som viser seksuelle overgrep mot barn eller som seksualiserer barn. Ein del av materialet syner svært små barn – under to år. Men det meste av materialet involverer barn mellom fire og 12 år.

Grove overgrep

Bilda og videoane viser mellom anna grove seksuelle overgrep. Materialet viser mellom anna små barn som er bundne fast medan dei blir utsette for overgrep det retten skildrar som «særleg fornedrande og støytande».

I byrjinga av mars tilstod mannen dette i Sogn og Fjordane Tingrett, men ifølge retten hadde dette lite å seie for oppklaringa av saka: Under ei ransaking beslagla politiet tre datamaskiner hos mannen, som inneheldt overgrepsmateriale. 

Mannen, som tidlegare er ustraffa, har forklart at han ikkje har hatt særleg interesse av det grovaste materialet, og at hans interesse er for barn mellom 8 og 12 år. Han hevdar at han berre har sett «raskt» gjennom materialet av dei mest ekstreme overgrepa mot dei yngste borna.

Lasta ned i 14 år

Han har vidare forklart at han byrja å laste ned materiale for rundt 14 år sidan og at han i periodar har lasta ned store mengder materiale.

I retten har mannen forklart at han aldri har lasta opp materiale sjølv, og heller ikkje bidratt til produksjon av materiale. Han har ikkje deltatt på diskusjonsforum, vore i kontakt med andre som er interesserte i overgrepsmateriale, eller elles gjort noko anna enn å laste ned slikt materiale.

Mannen er no dømd til fengsel i 10 månader.

Artikkeltags