Køyrde i 103 km/t i 60-sone - No må han betale

Artikkelen er over 4 år gammel

I tillegg ryk førarkortet i åtte månader.

DEL

10.000 kroner i bot, samt åtte månader utan lappen er dommen Fjordane tingrett har idømt ein mann frå Nordfjord.

Straffa blir sett subsidert fengsel i 20 dagar, og i dommen ligg også 14 dagar fengsel på vilkår.

Dommen fall etter at mannen i retten tilstod å ha køyrd i 103 km/t i ei 60-sone i Vestre Slidre i Oppland fylke i haust i fjor.

Retten legg vegt på at hastigheiten er for høg til å kvalifisere til bøtestraff åleine, og for låg til å kvalifisere til samfunnsstraff eller ubetinga fengsel.

Fengselsstraffa mannen er idømt er sett til lovas minimum, medan bota er den høgste satsen for den aktuelle fartsgrensa. Dette etter rettens anbefaling.

Mannen er tidlegare straffa for brot på vegtrafikklova, men har ikkje prikkar i førarkortregisteret.

For å få tilbake lappen må mannen avlegge delvis ny førarprøve, ifølgje domteksten frå Fjordane tingrett.

Artikkeltags