Mann domfelt for 18.gong — grov vald

Artikkelen er over 2 år gammel

KRIM: Ein mann i 50-åra frå fylket er dømd for vald og truslar mot ein annan mann.

DEL

I perioden mai 2013 til november 2015 skal mannen ha mishandla ein person jamleg med både vald og truslar. Retten har festa seg ved at dette skal ha gått føre seg i heile to og eit halvt år, og trekk fram spesielt to tilfelle av vald og truslar som mannen i 50-åra skal ha påført fornærma.

To grove tilfelle

Torsdag 17. juli 2014 gjekk mannen til fysisk angrep på fornærma. Han slo mannen gjentekne gonger i ansiktet, brystet og mageregionen med knytta neve. Den fornærma hovna opp og fekk blåmerke.

Onsdag 18. november 2015 gjekk han til angrep på fornærma igjen. Denne gongen både fysisk og verbalt. Denne siste hendinga såg retten på som spesielt graverande, fordi mishandlinga skjedde over ein lengre periode på same dag. Tiltalte sparka fornærma mange gonger i beina. Han trua med å knekke beina på vedkommande, og drepe han. Fornærma våga ikkje å forlate bustaden i frykt for reaksjon frå tiltalte.

Dømd 17 gongar før

Mannen i 50-åra er domfelt 17 gongar tidlegare. Fire av desse dommane gjeld ulike former for valdskriminalitet. Retten sat att med inntrykk av at alle valds- og trusselepisodane som fornærma vart utsett for var uprovoserte.

Tiltalte har tidlegare lagt fram for retten at han tidvis har vore ustabil, og at han gjekk til fysisk angrep på fornærma 17. juli 2014. Han erkjende også at han gjekk til fysisk og verbalt angrep på den fornærma mannen den 18. november 2015. Men under hovudforhandlinga i mai erkjende mannen inga straffeskuld.

Dømd til fengsel

Aktor la ned påstand om fengsel i fem månader. Han vart i retten dømt for brot på straffelova § 219, for grov mishandling og truslar. Han vart også dømd for brot på straffelova § 282 for truslar og tvang. Brot på straffelova § 231 og 271 som henholdvis gjeld oppbevaring av narkotika og vald. Han vart også dømd etter straffelova § 79, dette fordi han tidlegare er felt for den straffbare handlinga som han igjen har utøvd. Den tiltalte vart dømd i retten til fengsel i fem månader, slik aktor bad om.

Artikkeltags