Må i fengsel for vald mot to ulike sambuarar

DOM: Ein Sunnfjording i 30-åra er dømd til i 1,5 år i fengsel for vald gjentatte gongar mot to sambuarar.

DEL

Den tiltalte er i Sogn og Fjordane tingrett dømd for åtte valdsepisodar mot to forskjellige kvinner han har vore sambuar med. Han er ikkje tidlegare straffedømd.

Slo i ansiktet

Den tiltalte skal ha slått den eine kvinna mot hovudet slik at ho fall i bakken og slo hovudet. Han har også løfta ho og kasta ho i bakken slik at ho fekk ein kul og eit kutt i panna. I tillegg har han dytta ho i bakken fleire gongar. Dette skjedde frå 2015 til 2017. Mannen var også tiltalt for nedsettande språkbruk mot ho, og skal ha kalla ho ekkel, stygg og udugeleg ved fleire høve.

Tok kvelartak

Valdsepisodane mot den andre kvinna skjedde i 2014 og 2015. Den tiltalte har slengt ho i veggen slik at ho falt i bakken og dratt ho i håret. Dette skal ha ført til at ho fekk lufta slått ut av lungene og fekk smerter i armen. Han har også tatt kvelartak på kvinna.

17 vitne forklarte seg i retten, i tillegg til dei fornærma.

Mannen var også tiltalt for å ha utøvd vald mot son sin, men blei frifunnen frå denne tiltalen.

140.000 kroner i erstatning

Aktor la ned påstand om eit år og åtte månadar fengsel, mens forsvarar la ned påstand om at tiltalte vart frifunnen. Dommen vart sett til eitt år og seks månadar i fengsel. I tillegg må han betale 70.000 kroner i erstatning til kvar av kvinnene og 10.000 kroner i sakskostnadar.

Artikkeltags