Skodespelar Noralv Teigen er død

Artikkelen er over 1 år gammel

Skodespelar og tidlegare teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Noralv Teigen, er død.

DEL

Akershus Amtstidende melder bortgangen fredag. Teigen vart 85 år gammal.

Noralv Teigen vart fødd i Høyanger, men var busett i Drøbak. Han var utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har vore skodespelar ved Nationalteateret og riksteateret i mange år. Teigen har også medverka i fleire filmar og ved NRK Radioteateret. Frå 1988-1991 var han teatersjef ved Sogn og Fjordane teater.

Artikkeltags