Helse Førde-pasient døydde grunna sjukehussvikt

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ein eldre pasient vart operert på Haukeland sjukehus. Tre veker etter operasjonen vart han innlagt i Helse Førde grunna feber, utan at operasjonssåret vart vurdert som mogleg årsak til feberen.

Fem veker etter operasjonen måtte han opererast på nytt på Haukeland grunna ny komplikasjon.

To månadar etter den første operasjonen døydde pasienten uventa på sjukehuset i Førde.

Uforsvarleg behandling

Hendingsgangen syner ei kjede av fleire mindre og større svikt som gjer at behandlinga av denne pasienten samla sett ikkje var forsvarleg/ikkje var god praksis, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I dette tilfellet  sikra Helse Førde HF ikkje forsvarleg helsehjelp, og Helse Bergen HF gav helsehjelp som ikkje var i samsvar med god praksis.

Helse Førde HF har alt granska hendinga internt. Fylkesmannen ber likevel begge helseføretaka gå gjennom hendinga på ny.

Varslingssak

Fylkesmannen  ber òg begge helseføretaka gje tilbakemelding om korleis saka har bidrege til læring og eventuelle organisatoriske tiltak som kan hindre at tilsvarande skjer igjen.

Helse Førde HF melde sjølv hendinga til Statens helsetilsyn som varslingssak. Helseføretak har plikt til å melde hendingar der forløpet er meir alvorleg enn forventa til Statens helsetilsyn på eige initiativ.

Statens helsetilsyn bad deretter Fylkesmannen om å granske hendinga som tilsynssak. 

Artikkeltags