Difor får du ikkje erstatning for reisefrykt

Av

Mange med reiseplanar ringjer i desse dagar forsikringsselskapa fordi dei er engstelege for å reise på grunn av koronaviruset. Reisefrykt gir derimot ikkje erstatning om du avbestiller ein planlagt tur.

DEL

– Vi forstår at mange er redde for å bli smitta på flyplassar og fly, men ein får ikkje erstatning for generell reisefrykt. Viss du skulle få koronavirus på reisa, dekkjer vi legeutgifter, medisin og utsett reise på lik linje med annan akutt sjukdom. Føresetnaden er at du ikkje har reist til eit land som UD og vi rår frå å reise til, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Tryg dekkjer avbestilling for reiser til Kina og Hongkong som er gjort før UDs reiseråd vart publisert 25. januar i år. I tillegg har Tryg utvida avbestillingsdekninga til å gjelde Lombardo- og Veneto-regionane i Italia. Avbestillingsdekninga gjeld reiser med avreisedato til og med 15. mars.

– Skulle du bli halden tilbake av lokale styresmakter og bli sett i karantene, blir dette dekt over reiseforsikringa som sjukdom på reise, så sant du kan vise dokumentasjon frå lege eller offentleg helsevesen. Viss arbeidsgivar pålegg karantene heime i Noreg, vert dette ikkje erstatta, og reiseforsikringa dekkjer ikkje tapt arbeidsforteneste, seier Irgens.

Artikkeltags