Onsdag sende Fiizk og Osland Havbruk ut ei pressemelding om at to semilukka merdar frå Fiizk hadde fått «uventa skader», og at det blei jobba med sikring og å førebyggje ytterlegare skadar på merdane.
No melder Fiizk at dei to merdane har havarert. Det skriv IntraFish.
Det er utslepp av inntil 400 liter diesel frå det eine aggregatet på den eine merden, skriv selskapet i ei pressemelding.
Det er ikkje fisk i merdane, og det er ingen personskadar.